MWANVIK-VLFK-DJI-00101-12418785-Foto_Morten__Wanvik_1920

 

Kvalitets- og akkrediteringsansvarleg

 

 

 

Med nærare 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.

 

Om stillinga

Fagskulen Vestland er i vekst og vi er på jakt etter ein dyktig medarbeidar som har erfaring frå kvalitetssikringsarbeid og som er systematisk i tankegangen. Stillinga er nyoppretta og vil ha ansvarsområde knytt særleg til å utvikle og vedlikehalde fagskulen sitt kvalitetssystem og skulen sine til ein kvar tid pågåande akkrediteringsprosessar. Dette gjer at stillinga stillar strenge krav til samhandling, sjølvstende og erfaring frå teamarbeid.

Fagskulen Vestland kan sjølv akkreditere eigne utdanningar knytt til det tekniske fagområdet, men det er føreslått endringar i dette frå 2025 med at fagskulane skal bli sjølvakkrediterande på alle fagområde. Til stillinga ligg det ansvar for desse prosessane; sikre god framdrift, sikre at prosessane held seg innanfor kvalifikasjonsrammeverket, og lover og reglar. Dette set store krav til samhandling, kommunikasjon og rettleiing.

Fagskulen Vestland er den største fagskulen i landet på maritime utdanningar. Til desse utdanningane følgjer det årlege revisjonar av DNV, og femårlege revisjonar frå DNV og Sjøfartsdirektoratet. Desse revisjonane er avgjerande for at fagskulen kan helde fram med å utdanne kandidatar innan denne sektoren.

 

  • Søknadsfrist: 17.01.2024
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stad: Bergen,
  • Stillingstittel: Kvalitets- og akkrediteringsansvarleg
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4717058176

 

Arbeidsoppgåver

  • Vere pådrivar for å utvikle ein god KS og HMS kultur ved skulen
  • Vedlikehald av skulen sitt kvalitetssystem
  • Arbeid med interne og eksterne revisjonar (DNV, Sjøfartsdirektoratet og NOKUT)
  • Ansvarleg for akkreditering av utdanningar innan akkreditert fagområde
  • Halde organisasjonen oppdatert og involvert innan stillinga sitt område

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på minimum bachelor nivå innan område for stillinga (ingeniør, master eller liknande)
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid ved ein utdanningsinstitusjon vert vektlagt
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon

Administrasjonsspråket i fylkeskommunen er nynorsk.

 

Personlege eigenskapar

  • Målretta
  • Systematisk og analytisk
  • Initiativrik og sjølvstendig
  • God samarbeidsevne
  • God kommunikasjonsevne

 

Vi tilbyr

Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidstid
Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

 

Arbeidsstad

Bergen, studiestad Nordnes

Reiseverksemd mellom studiestadene må påreknast

 

Haugeveien, Bergen, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Torbjørn Mjelstad
Rektor
 Telefon:97142081
E-post:[email protected]

Adeline Berntsen Landro
Prorektor
 Telefon:99792813
E-post:[email protected]

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Januar 17, 2024