
undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag
Anleggsutdanninga ved Fagskulen Vestland, avd. Voss har ledig lærarstilling. Det er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar. Det er 3 klassar som har 6 samlinga kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.
- Søknadsfrist: 11.06.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: undervisningsstilling på fagskule
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4665546748
Arbeidsoppgåver
- Undervise og rettleie fagskulestudentar på fysiske samlingar og via nett
- Utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane
- Utvikle gode arbeidskrav til studentane og vurdering av desse
- Halde deg oppdatert mot næringa
Kvalifikasjonar
- Ingeniør, sivilingeniør eller fagskuleingeniør innan anleggsfag
- Gode kommunikasjonsevner
- Pedagogikk er en fordel men ikkje et krav. Det kan leggjast til rette for å ta dette kan tas ved sidan av jobben.
Personlege eigenskapar
- Du liker tanken på å vere lærar på fagskulen for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
- Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
- Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
- Du er glad i faget ditt, og har evna til å engasjere deg, og samtidig engasjere andre.
- Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode faglege diskusjonar og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
Voss vidaregåande skule, Strandavegen 252, 5710 Skulestadmo, Norge
Kontaktinformasjon
Andrid Solaas
avdelingsleiar
Telefon:90094432
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.