Fast 100 % stilling som tiltaksarbeidar i barnevernet (søknadsfrist 12.09)

Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.

 

Fast 100 % stilling som tiltaksarbeidar i barnevernet

 

ER DU VÅR NYE KOLLEGA?

Me har ledig 100% fast stilling som tiltaksarbeider i Aurland og Lærdal barnevern

Arbeidsoppgåver

Barnevernet skal sikre at alle barn som lever under forhold som kan skade deira helse utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg. Denne oppgåva skal løysast så langt det er mogleg der barnet bur og i samarbeid med omsorgspersonane. Som tiltaksarbeider skal du jobbe med endringsarbeid i familiar ved hjelp metodiske rettleiingsverktøy.
Den som vert tilsett må pårekne arbeid utanfor ordinær kontortid.

Kven er du

– Trygg personleg og fagleg.
– Kjenslemessig robust.
– Har god rolleforståing.
– Har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet ditt.
– Interessert i andre mennesker og god til å spele andre betre.
– Kreativ, tør å tenke nytt når utfordringane er kompliserte.
– Klar over eigne styrker og svakeheiter, og i stand til å arbeide med deg sjølv for heile tida å utvikle deg.
– God til å uttrykke deg munnleg og skriftleg

Kven er me

– Ei teneste med mange og spennande arbeidsoppgåver.
– Opptatt av å utvikle oss fagleg til det beste for brukarane, og samhandling med andre tenester.
– Fagleg engasjerte kollegaer.
– Gode lokaler og høve til å bruke tenestebil.

Kvalifikasjonar

Sosial, barnevern eller andre relevante utdanningar på høgskulenivå, minimum bachelor nivå. Master er ynskeleg men ikkje påkrevd.
Kompetanse innan metodiske foreldrerettleiing er ynskjeleg: kurs/sertfisering i metodar/verktøy som COSP, PMTO, ICDP, DUÅ eller barnesamtalen.
Den som vert tilsett må vere villig til å ta naudsynt etter-/vidareutdanning innan metodisk rettleiing.
Personleg dugleik vert særleg vektlagd

Førarkort klasse B

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Oppmøtestaden er i Aurland, og arbeid i begge kommunar må påreknast.

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist12.09.21

 

Vår ref781

Merk søknad

Fakta

Selskap Aurland kommune
Stilling Annen stilling m/krav om 3-årig U/H-
Stillingstype Fast dagtid
Lokasjon Barneverntenesta i Aurland og Lærdal

 

Kontakter

Anja Brekke Moldvær
tanja.moldvaer@aurland.kommune.no
Mobil  908 84 863

 

 

Del stillingen

Selskap

Aurland kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Anja Brekke Moldvær
  • Tittel: tanja.moldvaer@aurland.kommune.no
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Mobil 908 84 863

Lokasjon

  • Aurland

Søknadsfrist

September 12, 2021