Askvoll kommune Helse
Fastlege – Askvoll legesenter
Vi ønskjer deg som fastlege!
Askvoll legesenter er eit velatablert legekontor med eit godt kollegialt arbeidsmiljø. Vi har 4 fastlegeheimlar og ein LIS1 lege. Stillingane inkluderer og tilsyn ved sjukeheim, helsestasjonslege og kommuneoverlege. Det er 5 tilsette hjelpepersonale; sjukepleiarar og helsesekretærar.
Det er ledig ein fastlegeheimel (100%) frå 3. april 2023 med listelengde på ca. 750 pasientar (maks 840 pasientar) og 7,5 t/v kommunal bistilling. Legen kan velge tilsetjingsform (fastlønn eller privat næringsdrivande med 8.2 avtale). Kommunen vil også vere fleksibel i forhold til t.d. arbeidstid i tilfelle du vil vekependle. Opplys i tilfelle i søknaden om dette, så ser vi om det er mogeleg å tilpasse i drifta.
Askvoll kommune deltek i Sunnfjord Ytre Sogn interkommunale legevakt (sys-ikl), lokalisert i Førde frå kl. 15.30-08.00 på kvardagar og heile døgnet på helg og heilagdagar. Det utgjer ca 2-3 vakter per månad per lege (fastlønsavtale).
Vi søkjer etter lege som har interesse for allmennmedisin, både ferdig spesialist eller deg som ønskjer å starte på spesialisering i allmennmedisin. Legesenteret er godkjent som utdanningsverksemd og gjev rettleiing og supervisjon frå spesialist i allmennmedisin.
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer spesialist i allmennmedisin eller lege som kvalifiserer seg til tilsetjing i LIS3 stilling i allmennmedisin
Godkjent LIS1
Norsk autorisasjon som lege
Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både skriftleg og munnleg.
Personlig eigenheit, interesse og kunnskap vil verte vektlagd.
Erfaring frå kommunehelsetenesta og fastlegeordninga er ein stor fordel.
Det er krav om framlagd politiattest før oppstart.
Vi tilbyr:
Løn etter avtale med incentivordning (ved fastløn)
Individuell rettleiing og supervisjon av spesialist for LIS3
Gode arbeidsforhold i fine lokale med trivelege kollegaer og personale
Regelmessig akuttmedisintrening
Pensjonsordning KLP
Flyttegodtgjersle, jfr personalhandbok for Askvoll kommune
Hjelp til å skaffe bustad
Søknadsfrist: 28.02.2023
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Tiltreding: 03.04.2023
Arbeidsstad: Askvoll legesenter
Kontaktpersonar:
Olaug Søreide
tlf: +47 57734619
mob: 99290964
Sara Terese Osland
tlf: +47 57734512
mob: +47 90607962
Siv Tønder
tlf: +47 57734603
mob: +47 40246829
Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Sentrum – på ferjekaia 6980 Askvoll
Askvoll kommune Helse
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.