Fastlege – Husnes Helsesenter

 

Ledig ein fastlegeheimel ved Husnes helsesenter

Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 18 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 – 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Vaktordninga er for tida 14-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.

Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter

Ved Husnes helsesenter arbeider i dag 8 fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6 500, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.

Vi søker etter engasjert lege til ledig heimel med listetak på 800 pasientar. Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Det er ingen «goodwill» knytt til heimelen. Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna. Heimel ledig frå 15.02.2023 og det er moglegheiter for oppstart etter avtale.

Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 14-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1000 listepasientar. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 90 % stilling.

Kvalifikasjonar

· Norsk autorisasjon som lege

· Fullført norsk turnustjeneste/LIS 1 eller tilsvarende erfaring

· Beherskar norsk språk godt skriftleg og muntleg

· For søkjer med anna utdanning enn norsk, krevjast dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande B2. Dette gjelder ikkje skandinaviske søkarar.

· Oppfyller kravene for å søke refusjonsrett overfor Helfo

· Det vert lagt vekt på personleg egnethet.

· Det må leggas fram politiattest ved tilsetjing.

Vi søker lege som i tillegg til ovenståande kvalifikasjonar

· Har interesse for allmennmedisin

· Er faglig dyktig, positiv og serviceinnstilt

· Har evne til å arbeide sjølvstendig

· Har evne og interesse for samhandling og tverrfaglig samarbeid

Arbeidsoppgåver

· Utøvende legetjenester som fastlege i følgje lovverk

· Deltaking i kommunal legevakt etter gjeldande avtalar

· Kollegial fraværsdekning

· Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt

Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.

Me tilbyr

· Listetak p.t. på 800 pasientar

· Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing

· Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin

· Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Søkjar bør ha sertifikat.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

fastlege ved Husnes helsesenter Sindre Nymark Jensen tlf. 53 46 16 00 [email protected]

kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 [email protected]

einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 [email protected]

 

Søk på stillingen her.

 

Søknadsfrist: 26.12.2022

 

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Kontaktpersonar:

Glenn A. Opland

mob: +47 977 09 308

Irina Zimina

mob: +47 488 94 055

Sindre Nymark Jensen

tlf: +47 53 46 16 00

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

Kvinnherad kommune Helse
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 488 94 055 Arbeid 488 94 055

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

Juli 24, 2022