Fastlegeheimel og legevaktslege Legetenesta (søknadsfrist 18.09)

Førde legesenter har ledig stilling

Fastlegeheimel og legevaktslege

 

Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vi har ledige følgande stilling:

  • fastlegeheimel
  • legevaktslege

Faslegeheimel:

Mange av legane ynskjer å redusere pasientlistene og kommunen ynskjer å legge til rette for ein betre kvardag for våre fastlegar. Vi vil difor flytte pasientar til denne heimelen og det vil vere ca 800 pasientar på lista ved oppstart. Ein må rekne med inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke. Vi ynskjer å etablere denne heimelen omgåande.

Heimelen er knytta til Førde legesenter kor det i dag jobbar 15 fastlegar. Det er 10.5 årsverk hjelpepersonell på legesenteret. Fastlegane har felles gruppepraksis i nye lokale og er sjølvstendig næringsdrivande. Alle legane har 0-avtale og det er ikkje kostnader knytt til oppstart i heimelen. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkjarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk. Søkjarar må vere spesialistar i allmenn medisin eller starte på spesialiseringa ved tilsetjing. Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Legevaktslege:

Vi søker etter lege som skal jobbe legevakt på dagtid på Førde legesenter. Det jobbar 15 fastlegar på legesenteret i tillegg til ein LIS1-lege. Vi har 2 legar på vakt kvar dag. Det 10.5 årsverk hjelpepersonell på legesenteret.

Vi ynskjer å prøve ei driftsform med eigne legevaktslegar på dagtid og engasjementet vil i fyrste omgang vere 12 månader med moglegheit til forlenging. Om det er ynskjeleg kan ein og få legevakter (kveld/natt) på SYS IKL. Desse vaktene er fastløna.

Vi kan tilby både fastløn og drift som sjølvstendig næringsdrivande. Arbeidsmiljøet er godt med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkjarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk. Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

Kontaktpersonar:

Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 918 82 662
[email protected]

Roy Båtevik (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Førde) mobil 90604909
[email protected]

Fylke: Vestland

 

Søknadsfrist: 18.09.2021

 

Arbeidsstad: Førde

 

Heimeside:
https://www.prosjektsunnfjord.no/

 

Sunnfjord kommune Legetenesta

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 23 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

September 18, 2021