*Ferievikarer pleie/HT, kjøkken, reinhald, vaskeri *Helgestillinger *Lærling (søknadsfrist 01.03)

 

Hyllestad kommune Hyllestad kommune

 

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor, bogeskyting med meir. I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

Vil du tilbringe sommaren i kystkommunen Hyllestad? Kombiner det med sommarjobb i pleien i omsorgstenestene våre

Ferievikariat i pleien/heimetenesta sommaren 2020
Omsorgstenestene søkjer etter ferievikarar sommaren 2020:

 

Vi ser etter vikarar til følgjande oppgåver:

Pleiepersonale til sjukeheimen
Pleiepersonale til heimtetenestene
Heimehjelp
Miljøarbeidarar (pu)

I søknaden din må du opplyse om kva stilling du søkjer, kor mykje du kan jobbe og kva tidsrom som er aktuelt for deg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til utføring av stell og pleie, tilsyn og miljøarbeid, samt bistå ved måltid. Oppgåver vil variere alt etter kva stilling du søkjer. Arbeid etter den til ei kvar tid gjeldande turnusordning.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du er under utdanning eller har fullført utdanning innan helse- og sosialfag – gjeld både yrkesfagleg retning og høgskuleutdanningar.
Søkjarar til arbeid i heimetenestene må ha førarkort for bil.
Dei som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding.
Du må kunne arbeide både sjølvstendig, men òg saman med andre kollegaer.
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske.
Søkjarar må ha fylt 18 år i løpet av 2020.

Vi kan tilby

Studentar som tek helse- og sosialfaglege utdanningar har eiga avlønning etter kommunen sin lønspolitiske plan
Bonus for arbeid i veke 27, 28, 29, 30 og 31 (må jobbe minimum 3 veker for å få bonus), gjeld for 2. års studentar som sjukepleiar og vernepleiar, samt andre med relevant fagutdanning.
Garantiløn for nytilsette sjukepleiarar/vernepleiarar jf kommunen sin lønspolitiske plan
Medlemsskap i Noregs beste pensjonsordning KLP
Eit godt arbeidsmiljø
Ein jobb som byr på spennande utfordringar
Moglegheit for vidare jobb etter sommaren, både fast, vikariat og tilkalling

Håpar vi ser DEG som søkjar!

Referansenr: 887943075
Fylke: Vestland
Jobbtype: Engasjement  Heiltid/Deltid: Heiltid  Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist:  01.03.2020

 

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504
mob: +47 90507908

Målfrid Sognnes
tlf: +47 57789605
Sissel Bringeland
tlf: +47 57789604

 

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

 

—————————————————————————————————————————

 

Ferievikariat kjøkken, reinhald og vaskeri sommaren 2020
Omsorgstenestene søkjer etter ferievikarar sommaren 2020:

 

Vi ser etter vikarar til følgjande oppgåver:

Kokk
Kjøkkenassistent
Reinhaldar
Vaskeriassistent

I søknaden din må du opplyse om kva stilling du søkjer, kor mykje du kan jobbe og kva tidsrom som er aktuelt for deg.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til matlaging, reinhald og vaskeriteneste. Oppgåver vil variere alt etter kva stilling du søkjer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Alle søkjarar må minimum ha fylt 16 år ved tiltreding.
Det er ein fordel med søkjarar med fagbrev, men ikkje ei tkrav.
Dei som vert tilsett må kunne vise fram tilfredsstillande politiattest og helseattest før tiltreding.

Vi kan tilby

Medlemsskap i Noregs beste pensjonsordning KLP
Eit godt arbeidsmiljø
Ein jobb som byr på spennande utfordringar
Moglegheit for vidare jobb etter sommaren, både fast, vikariat og tilkalling

Håpar vi ser DEG som søkjar!

Referansenr: 202836334
Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat  Heiltid/Deltid:  Heiltid Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist:  01.03.2020

 

Tiltreding: 22.06.2020
Arbeidsstad: Omsorgstenestene, Sørbøvåg

 

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504
mob: +47 90507908

Målfrid Sognnes
tlf: +47 57789605
Sissel Bringeland
tlf: +47 57789604

 

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

 

—————————————————————————————————————————-

 

Lærling i omsorgstenesta

 

Lærling innan helsearbeidarfaget
Hyllestad kommune har ledig 2 læreplassar innan helsefagarbeidarfaget frå hausten 2020.

Vi har lang erfaring med lærlingar, og kan tilby 2 års læretid hos oss for elevar som har gjennomført og fått godkjent vg1 og vg2.

Arbeidsoppgåver er mellom anna stell og pleie i tråd med gjeldande vedtak, tilrettelegging av måltid, aktivisering og sosialisering, samt observering og dokumentasjon. Som lærling vil du få eigen fagleg ansvarleg som følgjer opp læreløpet saman med deg, samt rettleiarar i avdelinga som føl opp med rettleiing og opplæring i dei daglege gjeremåla.

Det er krav om godtkjent politiattest før tiltreding.

Referansenr: 345123151
Fylke: Vestland
Jobbtype: Praksis  Heiltid/Deltid: Heiltid  Arbeidstid: Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 01.03.2020

 

Tiltreding: 01.08.2020
Arbeidsstad: Omsorgstenestene, Sørbøvåg

 

Kontaktpersonar:
Målfrid Sognnes
tlf: +47 57789605
Sissel Bringeland
tlf: +47 57789604

 

—————————————————————————————————————————-

 

Helgestillingar i omsorgstenestene

 

Helgestillingar i omsorgstenesta

Hyllestad kommune har ledige helgestillingar i omsorgstenestene, både på institusjonen og i heimebaserte tenester/miljøtenesta.

Vi treng personale som kan arbeide i helg, og etter tilkalling. Alt etter kor mykje du kan jobbe, kan vil tilby 2. kvar eller 3. kvar helg, eller etter tilkalling. Stillingane vil vere rundt 10 % ved arbeid 3. kvar helg.
Har du interesse for å arbeide med mennesker, og ute etter ein jobb med meining i, så er dette kanskje noko for deg?

Tilsetting vil skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver vil vere knytt til brukarane, og består i vanleg stell, pleie og daglege gjeremål.

Kvalifikasjonar:
Vi ønskjer oss helst søkjarar med helsefagleg bakgrunn, eller at du er i ferd med å ta slik utdanning.
Du må ha fylt 16 år før du søkjer.
Alle som skal arbeide i heimetenesta må ha førarkort for vanleg personbil.
Alle som vert tilsett må levere godkjent helse- og politiattest før tiltreding.

Vi tilbyr:
Løn etter tariff.
Eigne lønsstigar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar.
Pensjonsordning i KLP (frå 18 år).

Velkomen som søkjar!

Avdeling: Hyllestad kommune Omsorgstenestene
Referansenr: 445672750
Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat  Heiltid/Deltid: Deltid  Arbeidstid: Skift/turnus
Arbeidsstad: Omsorgstenestene, Sørbøvåg

—————————————————————————————————————————-

Sommarjobb for ungdom sommaren 2020

 

Sommarjobb for ungdom sommaren 2020

Hyllestad kommune lyser med dette ut sommarjobb for ungdom i aldersgruppa 15 – 18 år (ferdig med 9. klasse i sommar).

Aktuelle arbeidsstadar er barnehage, omsorgstenestene og drift- og vedlikehald. Du må i søknaden din oppgje når du kan jobbe og kva avdeling du ønskjer å jobbe i.
Arbeidstida er 09.00 – 15.00, på alle kvardagar, og i 2-3 veker på kvar.

Vel møtt som søkjar!

Referansenr: 339904641
Fylke: Vestland
Jobbtype: Sesong  Heiltid/Deltid: Deltid  Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist:  15.04.2020

 

Tiltreding: 22.06.2020
Arbeidsstad: Hyllestad kommune

 

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås
tlf: +47 57789504
mob: +47 90507908

 

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

Del stillingen

Selskap

Hyllestad kommune

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon pr utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Hyllestad

Søknadsfrist

Mars 1, 2020