Fjaler kommune – Barnehagelærar eller relevant pedagogisk høgskuleutdanning til Våge barnehage, 100 % vikariat (søknadsfrist 31.08.2025) Bildemix sendt på mess 100% ÅRSVIKARIAT LEDIG VED VÅGE BARNEHAGE I VAKRE FJALER! KLIKK VIDARE HER Brødtekst: Er du opptatt av barn si utvikling og oppvekst? Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til eit 100 % vikariat for barnehageåret 2025/26. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn. Barnehagen har to avdelingar: Blåbær er storbarnsavdeling med 12 plassar og Tytebær er småbarnsavdeling med 7 plassar. Søk i Vestland fylke og litt inn i søre sunnmøre mot målgruppe barnehagelærer Dags på fb 31.08 med 13, snap til 31.08 med 5 ikke X Rakkestad kommune – Assisterende rektor Rakkestad ungdomsskole – 100% fast stilling (søknadsfrist 08.09.2025) Bilde sendt på mess 100% FAST STILLING LEDIG FOR ASSISTERENDE REKTOR VED RAKKESTAD UNGDOMSSKOLE SØKNADSFRIST 08.09.2025 Brødtekst: Er du en trygg og engasjert leder som vil gjøre en forskjell? Rakkestad ungdomsskole søker med tiltredelse fra 01.10.2025 en assisterende rektor med blikk for inkludering, mestring og utvikling. Rakkestad ungdomsskole har ca. 300 elever. Vi holder til i moderne lokaler med varierte læringsarenaer. Søk riks mot målgruppe Dags fb til 08.09 med 11, snap til 01.09 med 5, x til 22.08 med 5 Nes kommune – Vormsund ungdomsskole – Tospråklige lærere (søknadsfrist 01.09.2025)


Fjaler kommune Flekke skule og barnehage 2. gongs utlysing
Den spanande jobben som rektor på Flekke skule er no ledig
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rektor på Flekke skule frå snarast. Vår noverande rektor skal gå av med AFP og vi ventar no på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Flekke skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.
I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst. Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.
Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde. I skulebygget ligg også barnehage. Samarbeidet med barnehagen er godt og for barnehageborna skapar dette tryggleik i overgangen til skule.
Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge-, kjende vaksne.
Arbeidsoppgåver
Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar. Noko undervisning kan og påreknast.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Du må også vere stø i pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.
Det er også ønskjeleg at du har kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.
Særskilde krav
Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal synast før oppstart i stilling. Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.
Vi tilbyr
Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Du vil få tett oppfølging i oppstarten av stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 07.09.2025
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Flekke skule
Kontaktpersonar:
Kjell Roger Stien
tlf: +47 90184680
mob: +47 57738060
Heimeside:
www.fjaler.kommune.no
Adresse: Hauglandsvegen 50 6968 Flekke
Fjaler kommune Flekke skule og barnehage
Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar og dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. I skulebygget ligg også Flekke barnehage.
Skulen ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.
