Driftsleiar på Fjordane Folkehøgskule

 

 

  • Arbeidsgiver: Fjordane Folkehøgskule
  • Stillingstittel: Driftsleder
  • Frist: Snarest
  • Ansettelsesform: Fast

 

Vi søkjar etter deg som har eit høgt energinivå og stor arbeidskapasitet, samt et brennande ønske om å lykkast. Du er strukturert og trivast godt i ein kvardag med fokus på å få ting gjort, er glad i ungdom og flink til å by på deg sjølv.

 

Fjordane folkehøgskule gjennomfører for tida ein betydeleg oppgradering av anlegget og som driftsleiar vil du ha ein viktig rolle i dette arbeidet og vere med på å utvikle ein attraktiv skule og arbeidsplass.

 

Hovudoppgåve:

  • Sikre forsvarleg forvaltning av bygningsmasse på Fjordane folkehøgskule.
  • Bidra til å skape ein trygg, moderne og helsefremmande arbeidsplass/skule for personalet og elevane.
  • Være rektor sin nærmaste medarbeidar i HMS arbeid med omsyn til bygg og anlegg.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • At anlegget er i forskriftsmessig stand (HMS, brann, elektrisk mm.).
  • Utarbeiding av vedlikehaldsplanar, både kortsiktige (1 år) og langsiktige (5 år)
  • Førebu saker til styret ved framlegging av større vedlikehaldsprosjekt.
  • Planlegging, gjennomføring og oppfølging av vedlikehaldsprosjekta
  • Utarbeide søknader om størvølingsmidlar til Folkehøgskulerådet og levere rekneskap etter gjennomførte storvølingsprosjekt.
  • Å bidra til å utvikle drifta og anlegget til skulen i ein «grøn» og meir berekraftig retning.(jmf. oppgåver og ansvar til miljøfyrtårnansvarleg)
  • Forfallande vedlikehaldsarbeid både innandørs og utandørs, samt enklare reparasjonsarbeid.
  • Være eit bindeledd mellom avdelingane mht vedlikehald, investeringar, informasjon og oppfølging av klima/miljøplan.
  • Sjå til at bygg og områdane rundt skulen til ein kvar tid fram står presentable
  • Bistå elevane og kundar.

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Fagbrev (bygg/automasjon/El) eller relevant dokumentert bygg/driftsteknisk erfaring/kompetanse
  • Førarkort kl. B og BE, førarkort minibuss er eit pluss.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er praktisk, ryddig og løysningsorientert
  • Du er sjølvstendig og effektiv
  • Du er strukturert, målretta og engasjert med god gjennomføringsevne
  • Du er handlingsorientert og en pådriver
  • Du innehar gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
  • Du er glad i ungdom og likar å jobbe ilag med dei

 

Vi tilbyr:

  • Ei lærerik og utfordrande stilling i eit aktivt og spennande folkehøgskulemiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Gode pensjonsvilkår
  • Eit triveleg arbeidsmiljø

 

Om arbeidsgiveren

Vår visjon: vi ønsker gjennom ein meiningsfull kvardag å utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap.

Fjordane folkehøgskule har ei heilt unik samansetning av linjer: Friluftsliv er ei reise gjennom årstidene, Movement X er den einaste nysirkuslinja i landet, Vikingliv har eige langhus og Musikal er lokale og internasjonale. Vi er størst på hest med to allsidige hestelinjer, Kunst/foto/glas/reise freistar mange, kreativ saum og strikk står for det grøne klesskifte og Bu og fritid er tilpassa dei elevane som treng ekstra tilrettelegging

Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og skulen ligg i gangavstand til det meste.

Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjent for eit rikt idretts- og kulturliv. Om sommaren kan du mellom anna oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff. Gjennom året kan du få med deg både opera, teater og konsertar i Operahuset Nordfjord og Gymmen scene, som ligg like ved skulen.

Naturen er tett på og det er kort veg både til surfestranda Hoddevik, yters i kommunen vår, og til små og store naturopplevingar på fjellet, i skogen og ved fjorden i heile Stad.

 

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til Rektor Silvia van Hesik Førde på telefon: 92612455

Ytterlegare informasjon om skulen: www.fjordane.fhs.no, www.facebook.com/fjordanefhs og www.instagram.com/fjordanefhs

Søknad med rettkjende kopiar skal sendast på e-post til: [email protected] så snart som muleg.

 

  • Nettverk: Facebook
  • Sektor: Samvirke
  • Lederkategori: Leder
  • Sted: Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid
  • Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
  • Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Kvalitetssikring, Ledelse

 

Spørsmål om stillingen

Silvia Van Hesik Førde
Rektor
57 88 98 80

 

 

Søk her

 

 

Hjemmeside

 

Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid

Del stillingen

Selskap

Lenke til firma

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

Ingen lokasjon registrert

Søknadsfrist

Januar 1, 1970