Sjukepleiar / vernepleiar

Fleire sjukepleiar/ vernepleiarstillingar i heimetenesta og sjukeheim

 

 

Helse- og omsorgsetaten i Askvoll har ledig 8 stillingar for sjukepleiar/ vernepleiar i heimeteneste og sjukeheim

Er du sjukepleiar/vernepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap. Sjukepleiar/ vernepleiar vil ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.

Heimetenesta yt teneste i heile Askvoll kommune. Sjukeheimen har plass til 48 bebuarar fordelt på 3 grupper: Kårstova har 17 plassar for personar med koginitiv svikt/ demenssjukdom. Solstova/Rask har 16 langtidsplassar. Smia/ Fløyen har 23 plassar fordelt på kortidsplassar, langtidsplassar og omsorgsleilegheiter med døgnbaserte teneste. Heimetenestene og sjukeheimen har eit tett og godt samarbeid. 

Stillingar:

Heimetenesta:

  • 1 fast 100% stilling frå snarast
  • 1 vikariat 70% stilling frå snarast til 23.10.23

 Smia/Fløyen:

  • 1 fast 70% stilling 
  • 1 vikariat 80% stilling frå snarast til 10.08.23

Solstova/ Rask:

  • 1 fast 100% stilling 01.03.23
  • 1 fast 90% stilling frå frå 01.03.23

Kårstova:

  • 1 fast 100% stilling frå 01.03.23
  • 1 fast 70% stilling frå 01.03.23

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i “kva er viktig for deg?”
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
  • Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
  • Rettleie pasientar/pårørande og andre tilsette, studentar/ elevar
  • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
  • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
  • Arbeid i to-delt turnus og kvar 3. helg, etter 35,5 t/veke

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar:

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
  • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
  • Like utfordringar og er løysingsorientert
  • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
  • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Sjukepleiarar og vernepleiarar får eiit lokalt tillegg på kr. 20 000 over garantiløn etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Vel avdelinga nedanfor for å søke stilling:

Heimetenester
Askvoll omsorgssenter

 

Søknadsfrist: 28.02.2023

 
 
Askvoll kommune

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

 

Del stillingen

Selskap

Askvoll kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon pr utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Askvoll

Søknadsfrist

Februar 28, 2023