Flekke barnehage – Årsvikariat som pedagogisk leiar i 100 % stilling (søknadsfrist 29.03.2026)                    

Fjaler kommune Flekke barnehage

 

Vikar for pedagogisk leiar i Flekke barnehage

 

 

Flekke barnehage har ledig eit 100 % årsvikariat som pedagogisk leiar frå 1. mars 2026, med moglegheit for forlenging. Som pedagogisk leiar vil du ha eit overordna ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tillegg til fagleg rettleiing av personalet. Du har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagelova og rammeplanen vert følgde.

Vi ser etter deg som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar for store og små. Har du engasjement og initiativ og kan syne empati og gje god omsorg for barna? Då kan det vere nettopp deg vi ser etter.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om stillinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest før tiltreding
  • Personlege eigenskapar

 

Personlege eigenskapar

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga

 

Vi tilbyr

  • Ein variert og kjekk kvardag
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
  • Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Givande leik med flotte barn kvar dag

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få
høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 08.02.2026
Tiltreding: 01.03.2026
Arbeidsstad: Flekke

 

Kontaktpersonar:

Torunn Åsnes
Stilling: Styrar Flekke barnehage
mob: +47 90065423

 

Heimeside:

/www.fjaler.kommune.no/

 

Adresse:

Hauglandsvegen 50 6968 Flekke

 

 

Fjaler kommune Flekke barnehage

Flekke barnehage har 36 barn fordelt på tre avdelingar. Barnehagen er lokalisert i same bygg som skulen, og vi har difor ekstra tett samarbeid med skulen. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring.

Flekke barnehage ligg i vakre omgjevnader i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Torunn Åsnes
  • Tittel: Styrar Flekke barnehage
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 900 65 423

Lokasjon

  • Flekke

Søknadsfrist

Februar 8, 2026