Lærar – Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 500 ungdommar og vaksne elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.08.23 har vi ledig stilling som lærar innan Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom
- Søknadsfrist: 06.08.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: FLORØ
- Stillingstittel: Lærar – Elektro og datateknologi VG1 og VG2 El-energi og ekom (2.gongs utlysing)
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4688951035
Arbeidsoppgåver
- Stillinga kan innebera undervisning i praksis og teori på alle trinn. VG1 Elektro og datateknologi og VG2 Elenergi og ekom.
- Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga.
- Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar. Opplæringa vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori.
- Kontaktlærar for ei klasse etter nærare avtale.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar og praksis innan faget. Høgare utdanning innan elektrofag.
- Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid og arbeid med elektronisk kommunikasjon.
- Kompetanse innan IT og relevant programvare.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kjennskap til lokalt næringsliv.
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Skulen kan etter vurdering gi tilbod om fast tilsetting under vilkår av at utdanninga vert fullført innan ein nærare tidsfrist.
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og vi ønskjer ein medarbeidar som likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell for ungdom som ønskjer ei karriere fagområdet.
- Du må framstå som ein vaksen, trygg og tydeleg leiar i klasserommet/verkstaden. Som lærar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
- Evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Vilje og evne til utvikling.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kunne arbeide strukturert og systematisk og ha kjennskap og erfaring med tidsriktig planlegging av arbeidsflyt i næringa.
- God digital kompetanse også i digital teikning.
- Variert og omfattande erfaring knytt til elektro og datateknologi, el-energi og ekom og kjennskap til lokalt næringsliv.
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
- Kontaktpersonar: Ole H. T. Hennøy (91872726) / Knut Chr. Clausen (415 30 684)
- Søknadsfrist: 06.08.23
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen
rektor
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.