Flyktningkonsulent / Sosionom (søknadsfrist 01.04)

 

Flyktningkonsulent/Sosionom

 

Det er ledig 100 % stilling som flyktningkonsulent/sosionom ved Vang læringssenter frå snarast, seinast med tiltreding 01.08.20.

Vang læringssenter organiserer og tilbyr undervising i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Læringssenteret gir tilbod om asylnorsk for asylsøkjarar som bur på mottaket i Vang, kurs for arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar som har rett til norskundervisning, samt introduksjonsordning for dei som er busette flyktningar i Vang kommune. Læringssenteret tilbyr også opplæring spesielt organisert for vaksne etter Opplæringslova kap. 4A, grunnskule og spesialundervising. Under læringssenteret ligg også bufellesskapet for einslege mindreårige flyktningar, som Vang kommune etablerte i 2016. Gullringen bufellesskap har 6 busette ungdomar. Administrasjonen på læringssenteret består av leiar i 100% stilling og sosionom i 100% stilling.

Leiar for Vang læringssenter er fagleg og administrativ leiar for avdelinga og vår nye sosionom vil samarbeida tett om drifta av læringssenteret og underavdelingar, med eit særskilt ansvar for oppfølging av 6 afghanske gutar i alderen 18 til 20 år. Til stillinga er det tillagt arbeid to kveldar i veka, med oppfølging i hyblar samt i bufellesskapet. Arbeid i helgar kan førekome, etter avtale med leiar.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av busette flyktningar og ungdomar
Rådgiving og sakshandsaming
Programrådgiving og undervising i arbeidslivskunnskap
Kartlegging av ressursar og behov, førebygge og finne gode løysingar for enkeltmennesket og vera eit bindeledd mellom enkeltmennesket og ulike hjelpetilbod som samfunnet tilbyr
Koordinerande ansvar og samarbeid med ulike tenester og instansar
Utviklingsarbeid og systemarbeid

Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig relevant sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosionom eller barnevernspedagog.
Gode IKT-kunnskapar
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B

Me ser etter deg som

  • har erfaring med og interesse for arbeid med ungdom, flyktningar/asylsøkjarar og menneske frå ulike kulturar
  • er prosess- og løysingsorientert
  • er ein relasjonsbyggar
  • er fleksibel og sjølvstendig, tydeleg og avgjerdsfør
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • har evne til og interesse for tverrfagleg samhandling
  • er strukturert og endringsvillig
  • som meistrar ulike dataprogram og har ein god skriftleg framstillingsevne
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Me tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb kor ein får arbeida med «heile mennesket»
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Det er eit krav om førarkort klasse B, og eit stort føremon om du disponerar eigen bil.
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

 

Søknadsfrist: 01.04.2020

 

Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Tittel: FLYKTNINGKONSULENT/SOSIONOM
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsettingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4207647919
Stillingar: 1
Arbeidsstad Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

 

Kontaktinformasjon

Kristin Venås, Leiar Vang læringssenter
995 36 379
kristin.venas@vang.kommune.no

Tommy-René Stordal, Etatsjef Oppvekst, kultur og integrering
61 36 94 20
tomsto@vang.kommune.no

 

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Lenke til firma

Kontaktinfo

  • Kristin Venås
  • Tittel: Leiar Vang læringssenter
  • E-Post: kristin.venas@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 995 36 379
  • Tommy-René Stordal
  • Tittel: Etatsjef Oppvekst, kultur og integrering
  • E-Post: tomsto@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 61 36 94 20

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

April 1, 2020