Askvoll kommune Sentraladministrasjonen
Flyktningmedarbeidar – 1 års engasjement i 100% stilling
Flyktningtenesta i Askvoll kommune skal gje bistand, råd og rettleiing til busette flyktningar, for å sikre god integrering i kommunen.
Målet er å få både einslege og familiar godt integrert i lokalsamfunnet, og få vaksne flyktningar inn i arbeidslivet eller i utdanning.
Vi søkjer no ein kollega til eit 1-års-engasjement i 100% stilling, med mogelegheit for forlenging basert på den aktuelle flyktningsituasjonen.
Oppgåvene er varierte og vil endre seg etter behov, men er innanfor fylgjande område:
• Busetting av flyktningar – skaffe hus, inventar, klede og utstyr osv.
• Vere brukaren sin støttespelar og kontaktperson i etableringsfasen og i løpet av integreringsprogrammet
• Kartlegge, utarbeide integreringsplanar og fylgje opp deltakarar i introduksjonsprogrammet
• Skaffe og fylgje opp språkpraksis/arbeidspraksis
• Planlegge og gjennomføre rettleiing individuelt og i grupper
• Gjennomføre tiltak i introduksjonsprogrammet
• Delta i tverrfagleg og samarbeid med t.d NAV, vaksenopplæring, nærmiljøsentralen og helse og omsorg
• Bidra til god integrering og være ein pådrivar for at flyktningar skal mestre eigen livssituasjon, kvardag, økonomi, helse og familieliv
Kvalifikasjonar:
• Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning innanfor faga helse-sosial, samfunnsvitskap , pedagogikk. Anna relevant utdanning kan vere aktuelt. Lang dokumentert erfaring frå tilsvarande arbeid kan kompensere for utdanningskravet.
• Førerkort klasse B
• Må beherske norsk munnleg og skriftleg og ha gode engelskkunnskapar. Kommunen har nynorsk som målform
•Beherske å bruke IKT som arbeidsverktøy
Ynskjelege kvalifikasjonar:
• Erfaring frå arbeid med flyktningar
• Erfaring frå arbeidsretta oppfølging eller utdanningsretta oppfølging
• Erfaring frå offentleg forvaltning
• Rettleiingskompetanse
• God samhandlings- og relasjonskompetanse
• Fleirkulturell forståing
Vi vil føretrekke søkjarar med kvalifikasjonar som bidreg til at den samla kompetansen på fagfeltet i kommunen blir styrka.
Kjennskap til fleire språk som t.d. ukrainsk, russisk, syrisk og arabisk m.fl. er ei føremon.
Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene. Kandidaten må og vere innstilt på å arbeide på kveld/helg ved behov.
Personlige eigenskapar:
• Gode evner innan kommunikasjon og samhandling.
• Positiv, fleksibel og løysingsorientert.
• Evne til å rettleiie og motivere.
• God på omstilling og til å tileigne seg ny kompetanse og å ta i bruk nye verktøy.
Vi tilbyr
• Godt arbeidsmiljø med høg kompetanse og erfaring på fagfeltet i kommunen, der vi deler kompetansen og samarbeider godt. Det er eit spanande fagfelt der ingen dagar er like.
• Lønn og arbeidsvilkår i henhold til lov og avtaleverk
• Gode pensjonsvilkår
Jobbtype: Engasjement
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Varierande arbeidstid
Søknadsfrist: 08.01.2023
Kontaktpersonar:
Christoffer Stølen
mob: +47 458 72 354
Martin Kramprud Lundgård
tlf: +47 57 73 07 07
Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Sentrum – på ferjekaia 6980 Askvoll
Askvoll kommune Sentraladministrasjonen
Sentraladministrasjonen femner om Askvoll kommune si administrasjonsleiing og stabsfunksjonar, herunder rådmannskontoret, personalsjefen, kommunekassa/økonomiavdelinga og sørvistorg. Sentraladministrasjonen er ansvarleg for tilrettelegging koordinering av kommunen si verksemd, og fører tilsyn med heile kommunen si forvaltning. Sentraladministrasjonen skal leie den kommunale organisasjonen mot dei måla som det politiske styringssystemet set.
Kommunedirektøren er kommunen sin øvste administrative leiar.