Agronom
Det er ledig 100% og 45 % fast stilling som agronom ved skulegarden på Mo med snarleg tilsetjing. Førde
vgs ligg i Sunnfjord kommune og er geografisk todelt med skulestad Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum, skulestad Førde som er plassert i Førde sentrum. Til saman har skulen om lag 220 tilsette og 1000 elevar. Skulane tilbyr desse utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag, Naturbruk, Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 60 elevar og her ligg også skulegardsbruket med produksjon av mjølk (heilt ny mjøkerobot), svin, egg og sau, i tillegg til grønsaker, poteter og sesongblomar. Skulegarden har ca 420 da dyrka mark.
For meir informasjon gå til skulen si heimeside: www.forde.vgs.no
- Søknadsfrist: 17.03.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stad: Sunnfjord
- Stillingstittel: Agronom
- Stillingar: 2
- Heiltid/Deltid: Heiltid, Deltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100, 45
- Webcruiter-ID: 4629621378
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i husdyravdelingane: mjølk/storfe, sau, gris og verpehøns.
- Helgeturnus med arbeid kvar 4. helg.
- Delta i arbeidet på skulegarden ute ved behov:
- Dyrking av grovfor, potet og grønsaker.
- Jordarbeiding, gjødsling, slåttearbeid og brøyting
- Kunne bistå i andre avdelingar på skulegardsbruket ved behov (gartneri/hagebruk, gardsutsal, stall).
- Samarbeide tett med driftsleiarar og andre tilsette på garden, samt undervisningspersonale og elevar.
Kvalifikasjonar
- Agronomutdanning
- Traktorsertifikat
- Bilsertifikat
- Praktisk røynsle frå landbruket (jordbruk og husdyrbruk)
- Trucksertifikat er ein fordel, men kan og takast ved skulen.
Personlege eigenskapar
- Søkjar til stillinga må ha gode samarbeidsevne då ein må samarbeide tett med undervisningspersonalet, driftsleiarar og dei andre tilsette på skulegarden om aktuelle arbeidsoppgåver.
- Søkjar må ha evna til å skape tillit og ha god relasjon med elevar då det er øvingar på skulegardsbruket heile veka.
- Søkjar må vere pliktoppfyllande, presis og fleksibel.
- Ein må ein vere løysingsorient, ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande regulativ
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- 6 månaders prøvetid
Den som blir tilsett må legge fram godkjent politattest, jfr. Opplæringslova §10-9.
Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.vlfk.no under Ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Movegen 30, Sunnfjord, Norge
Kontaktinformasjon
Ingjerd Høgseth Vetti
avdelingsleiar
57637170
ingjerd.hogseth.vetti@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.