Miljøterapeut 100% vikariat – Helland ungdomsskule

 

 

Stillingstype

Vi søkjer etter miljøterapeut i 100 % stilling ved Helland ungdomsskule.

 

Arbeidsoppgåver

  • planlegging av skulekvardagen for elevar med særskilde behov
  • tett oppfølging av enkeltelevar
  • tett samarbeid med faglærarar, kontaktlærarar og PPT
  • deltaking i teammøte
  • utarbeiding av rutinar og oppfølging av desse
  • stillinga vil ha normalarbeidstid. Det gjer at andre miljøterapeutiske arbeidsoppgåver må påreknast i skulen si ferietid.

 

Kvalifikasjonar

  • høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøterapeut
  • vi er særleg interesserte i kandidatar med kompetanse knytt til autismespektervanskar, skulevegringsproblematikk, miljøarbeid og individuell tilrettelegging. Anna erfaring/kompetanse kan også vere av interesse.
  • rettleiingskompetanse
  • god kommunikasjonsevne
  • datakunnskap
  • beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • du må ha førarkort kl B.

 

Personlege eigenskapar

  • fagleg engasjert
  • er stabil og fleksibel
  • har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

 

Vi tilbyr

  • allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referanse

Oppgi referansar.

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Møre og Romsdal
Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 21.05.2023

Tiltreding: 01.08.2023

Arbeidsstad: TRESFJORD

 

Kontaktpersonar

Gunvald Fauske
mob: +47 95133377

 

Heimeside

www.vestnes.kommune.no

 

Adresse

Skulebakken 1 6391 Tresfjord

 

Vestnes kommune Helland ungdomsskule

Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord.

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Skalg Fladset-Skrove
  • Tittel: Inspektør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 90043495
  • Trond Otto Berg
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 990 98 057

Lokasjon

  • Vestnes
  • Tresfjord

Søknadsfrist

April 10, 2023