Helland ungdomsskule

 

Undervisningsstillingar

 

Stillingstype

Det er ledig inntil 4 undervisningsstillingar i 100% (to faste og to vikariat) ved Helland ungdomsskule. Den eine faste stillinga er knytt opp mot undervisning og tilrettelegging for elevar frå Kollen ungdomsbase.

Tiltreding 01.08.2023

Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det omlag 180 elevar fordelt på 7 undervisningsgrupper. 

Arbeidsoppgåver

– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar

– Følgande fag er av særleg interesse: Kunst og handverk og norsk  
– andre fagområde kan også vere aktuelle
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.

Personlege eigenskapar

– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har fokus på klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr

– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt. 

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

Søk på stillingane her.

 

Rereransenr: 23/440

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Fast

Heltid/deltid: Heltid

Arbeidstid: Dag

 

 

Søknadsfrist 31.03.2023

 

 

Tiltreding: 01.08.2023

Arbeidsstad: Helland ungdomsskule

 

Kontaktpersonar:

 

Heimeside

Adresse: Skulebakken 1 6391 Tresfjord

 
 
Vestnes kommune – Helland ungdomsskule

Helland ungdomsskule har 160 elevar frå 8.-10. steg. Skulen er midlertidig lokalisert i Tresfjord.

 

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Gisela Stene Smith-Nilsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 994 41 455

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

November 17, 2022