Ingeniør – Byggesak og Oppmåling Seksjon tekniske tenester (Søknadsfrist: 01.10)

 

Ingeniør – Byggesak og Oppmåling

 

Seksjon tekniske tenester

Vi har 2 ledige stillingar som ingeniør ved eining for byggesak og oppmåling frå 1.12.2021.
Fast 100% stilling frå 01.12.21.
Vikariat i 100% stilling i perioden 01.12.21-30.11.22.

Eininga for byggesak og oppmåling har i dag 6 tilsette og har m.a. ansvar for kart, oppmåling, handsaming av byggesøknadar, tilsyn, rettleiing m.m.

Søknadsfrist: 01.10.2021
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Stad: Ørsta
Stillingstittel: Ingeniør – Byggesak og Oppmåling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4424314507
Startdato: 01.12.2021

Arbeidsoppgåver

Handsaming av byggesøknader
Tilsyn med byggearbeid
Matrikkelføring
Handsaming av utsleppsløyve og tilsyn med mindre avløpsanlegg
Rettleiing og kontakt med innbyggarane og føretak
Andre arbeidsoppgåver ved eininga kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

3-årig utdanning på høgskulenivå innan fagområdet. Relevant praksis kan erstatte formell kompetanse
Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

God munnleg og skriftleg framstillingsevne, målforma er nynorsk
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Kunnskap om data, kart og kartprogram
Fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og organisering

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med gode vilkår for fleksibilitet og utvikling med formål å gi ei bedre og meir effektiv teneste
Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Stillinga er plassert i kap. 5, stillingskode 8084 – ingeniør – Løn etter avtale

Tilsetting i samsvar med gjeldande forskrift, lov- og avtaleverk
Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju

Om offentleg søkjarliste:

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Dalevegen 6, 6150 Ørsta, Norge

 

Kontaktinformasjon

Bjørn Ole Vassbotn, Einingsleiar byggesak og oppmåling
469 01 330
bjorn.ole.vassbotn@orsta.kommune.no

 
 

Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 5. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

 

 

Del stillingen

Selskap

Ørsta kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Ørsta

Søknadsfrist

Oktober 1, 2021