Ingeniør geodata / oppmåling (søknadsfrist 17.09)
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
Ingeniør geodata/oppmåling i Noregs friluftshovudstad
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Ledig stilling som ingeniør innan geodata/oppmåling
Stillinga ligg til verksemd for byggesak, kart og oppmåling. Verksemda er no slått saman med verksemd for landbruk og havbruk med felles leiar. Verksemda har i dag 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver:
I stillinga vil du vere sentral i høve til kommunen sitt arbeid med geodata. Ajourføring, forbedring og utvikling av kartdatabasane er sentrale arbeidsoppgåver, men du vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil samarbeide med byggesakshandsamarar, samfunnsplanleggarar, landbruksrådgjevarar, samt kommunen si vass- og avløpsteneste.
I stillinga ligg det òg oppmåling- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.
Ynskte kvalifikasjonar:
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå. (ingeniør eller tilsvarande med med relevante fagkretsar)
Kunnskap/erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling
Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova
Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
Eigenskapar:
Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
Evne til å arbeida systematisk
Gode gjennomføringsevner
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Fleksibilitet og positiv innstilling
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
Fast 100 % stilling
Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
Løn etter avtale
Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Arbeidsstad: Odda
Søknadsfrist: 17.09.2021
Kontaktpersonar:
Trygve Vik
mob: +47 90069759
Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?