Ingeniør teknisk (søknadsfrist 07.03)
Aurland ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me vil vera Norges fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i sterk vekst. Me er snart 1800 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge og gode oppvekstkår, kultur, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting.
Vikariat – ingeniør – teknisk
Me har ledig
Aurland kommune har ledig vikariat 100% stilling som ingeniør ved teknisk eining. Vikariatet er for 1 år med moglegheit for fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Teknisk eining har ansvar for kommunale bygg og eigedommar, kommunale vegar, parkanlegg, vatn- avlaup og renovasjon, førebyggjande brannvern og brannberedskap, samt oppmåling. Som ingeniør hjå oss vil du inngå i eit team med ansvar for å følgje opp drifta av eininga.
Det er dessutan stor aktivitet i Aurland kommune, der det er vedteke store investeringar i bygg og infrastruktur dei neste åra. Du inngår i eit team som gjennomfører desse investeringane, og vil få ansvar for gjennomføring av einskilde prosjekt. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
– administrative oppgåver knytt til drift av eininga sine tenester, samt
– planlegging, prosjektering, teikning, søknadsprosessar, utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag, byggjeleiing og rapportering i samband med gjennomføring av investeringar.
Oppgåver vert fordelt på eininga etter kapasitet og kompetanse.
Kvalifikasjonskrav
– Utdanning som ingeniør på universitets- og/eller høgskulenivå med kompetanse innanfor eit eller fleire av fagområda: bygg/anlegg, kommunalteknikk, veg, vatn- og avlaup, eigedomsforvaltning og førebyggjande brannvern.
– Førarkort kl. B
– Kjennskap til relevant lovverk og offentleg forvaltning
– Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg. Målforma som må nyttast er nynorsk.
Erfaring kan vege opp for manglande utdanning basert på omfang og type.
Personlege eigenskapar
Me ønskjer at du har:
– utdannings- og arbeidserfaring innanfor eit eller fleire av fagområda.
– Erfaring frå offentleg forvaltning.
– Erfaring frå prosjektoppfølging, byggjeleiing og anbodsarbeid.
– Erfaring frå førebyggjande brannvern.
Me ønskjer oss ein resultatorientert medarbeidar med høg fagleg kompentanse og evne til å arbeide i team. Vedkommande bør ha gode samarbeidsevner, ei utadvent åtferd og vere løysingsorientert.
Me tilbyr
– Eit godt arbeidsmiljø
– Eit solid fagmiljø
– Ein travel arbeidskvardag med mange utfordringar
– Ein spennande arbeidsplass der du får medverknad på utviklinga i Aurland kommune
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Generelt om søknadsprossen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Søknadsfrist 07.03.20
Vår ref678
Merk søknad
Fakta
Selskap Aurland kommune
Stilling Ingeniør
Stillingstype Vikar (for nokon)
Lokasjon Teknisk
Kontakter
Jan Olav Møller, Ingeniør
[email protected]
Mobil 459 78 522
Reinhardt Sørensen, Tenesteleiar
[email protected]
Mobil 959 84 604