Vil du bli den nye kollegaen vår?
FAV – Avd. Maskin/Prosess (Bergen), Vestland fylkeskommune
Fagskulen Vestland søker etter to ingeniører / sivilingeniører til undervisningsstilling innen studieretningen Maskinteknikk linje for Robotteknologi og digitale produksjon i industrien.
Er du interessert i å formidle og dele kunnskap?
Med over 1800 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsetja og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarsande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikla framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare fleksible utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytta det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar òg utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
- Søknadsfrist: 06.03.2023
- Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel: Vil du bli den nye kollegaen vår?
- Stillingar: 2
- Heiltid /Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4624013810
- planlegga og gjennomføra undervisning i stedsbaserte klasserom, samt nettundervisning på den
- digital plattform som Fagskulen Vestland nyttar
- tilrettelegga og fasilitere for læring, slik at studentane skal oppnå læringsutbytte
- vurdering av arbeidet til studentane
- arbeid i tverrfagligteam
- utvikling av studieplanar
- pedagogisk utviklingsarbeid
- utdanning på bachelor- / master-nivå innan automatisering, elektronikk datateknologi eller robotikk
- beherska norsk munnleg og skriftleg
- gode evner i bruk av digitale verktøy
- erfaring med dataprogram som blir nytta innan fagområdet
For søkjarar som ikkje har godkjent pedagogisk kompetanse, legg skulen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takast samstundes med undervisningsstillinga. Eventuell pedagogisk utdanning må startast innan 3 år etter tilsetjing.
- gode samarbeidsevner, kunne arbeida sjølvstendig og i team
- gode evner innan kommunikasjon og formidling
- kunne utvikla eigen kompetanse og dela arbeidet og erfaringane sine med andre
- kunne utvikla kvalitet i eige arbeid og samhandle denne aktiviteten med andre
Personlig egnethet vil bli vektlagt
- spennande og tverrfagleg fagmiljø med vaksne studentar som er reflekterte og lærevillige
- eit motiverte og kunnskapsrikt kollegiale med fokus på kunnskapsdeling og samarbeid
- faglege utfordringar og moglegheiter til å delta i utviklingsarbeid
- lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Link til Fagskulen Vestland sin web side: https://www.fagskulen.no/
Link til Robotteknologi og digital produksjon i industrien sin web side: https://www.fagskulen.no/studietilbod/Studietilboda-vare/tekniske-utdanningar/robotteknologi-og-digital-produksjon-i-industrien/
Link til studieplan for studiet Robotteknologi og digital produksjon i industrien – Nordnes: https://www.fagskulen.no/siteassets/studietilbod/studieplan/studieplan-robotteknologi-og-digital-produksjon—revidert-20.08.20.pdf
Kontaktinformasjon
Tage Lie Karlsen
avdelingsleiar
98216619
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.