Trusopplæringa i Stord og Nysæter.

Fast stilling som kyrkjelydspedagog, 100 % frå 01.08.2024 eller etter avtale.

 

Arbeidsområde

  • Oppgåver innan trusopplæring og kyrkjeleg undervisning med særleg fokus på aldersgruppa 0-18 år.
  • Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket.
  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk vil også bli vurdert.
  • Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
  • Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
  • Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
  • Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

 

Personlege eigenskapar

  • Hjarte for barn og unge.
  • God formidlingsevne.
  • God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
  • God relasjonsbyggjar.
  • Kreativ og nyskapande.
  • God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
  • Evne og vilje til samarbeid.

 

Me kan tilby

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande KA-tariff.
  • Pensjonsordning i KLP

 

Anna

  • Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
  • Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
  • Du må trivast med ein del kveld -og helgejobbing. Avspasering etter avtale.

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjelydspedagog Ingvild Baugstø Almås tlf. 997 85 312, eller kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: liv.kari@kyrkja-stord.no

 

Om arbeidsgiveren

Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og 1 ungdomsprest.

Administrasjonsmålet er nynorsk.

 

Om stillingen

Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog – kateket
Antall stillinger: 1
Oppstart: Etter avtale
Hjemmekontor: Hybrid (noe hjemme, noe på arbeidsplassen)
Heltid/deltid: Heltid
Sektor: Offentlig
Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid: Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning: Skift
Arbeidsspråk: Norsk

 

Søk på jobben

Søknadsfrist: 3. mai 2024

Send søknad til: liv.kari@kyrkja-stord.no

 

Kontaktperson for stillingen

Del stillingen

Selskap

Stord kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Ingvild Baugstø Almås
  • Tittel: Kyrkjelydspedagog, einingsleiar
  • E-Post: ingvild@kyrkja-stord.no
  • Mobil/Tlf: 997 85 312
  • Liv Kari Bru
  • Tittel: Kyrkjeverje/dagleg leiar
  • E-Post: liv.kari@kyrkja-stord.no
  • Mobil/Tlf: 473 50 754

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

September 9, 2024