Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett har gått over til stillinga som kommunedirektør og ein søkjer hans etterfølgjar.
Kommunalsjefen er direkte underlagt kommunedirektøren, og er ein av seks i hans leiargruppe.
Ansvarleg for følgjande tenesteområde:
Barnehage, skule, SFO, kulturskule, bibliotek, kultur og idrett.
Utdanning:
Relevant høgskule- eller universitetsutdanning/skulefagleg og god pedagogisk kompetanse.
Arbeidserfaring:
- Leiarerfaring
- Leiarutdanning
- Erfaring frå oppvekstsektoren
- Erfaring med økonomistyring
- God kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming
Personlege eigenskapar:
- Evne til å tenke strategisk
- Vere premissleverandør for skuleeigarrolla/nivå på tenestane
- Tydeleg, engasjert og visjonær leiar
- Løysingsorientert
- Evne til å styrke mellomleiarnivået – fagleg og leiingsutvikling
- Systematisk og målorientert
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med kommunedirektør, Finn Arne Askje på mob.: 95076637 eller e-post: [email protected]
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.