Kommunalsjef oppvekst og kultur (Søknadsfrist 09.08)

 

Kommunalsjef oppvekst og kultur

Brenn du for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge? Er du strategen og motivatoren som får skule, barnehage, PPT og barnevern til å strekke seg enda litt lenger i samarbeid og utvikling av sunn læringskultur? Då er kanskje dette stillinga for deg. Vi ser etter ein leiar med solid skulefagleg bakgrunn kombinert med kompetanse i leiing og utviklingsarbeid, og med motivasjon for å bidra i eit sterkt leiarfelleskap. Kommunalsjef for oppvekst og kultur har ansvar for kulturskule, PPT, skule- og barnehageeigarrolla, kultur, bibliotek, fritid og idrett. Kommunalsjefen har også ansvar for å følgje opp interkommunale samarbeid på området. Organisasjonen har vore, og er, i endring og det kan tilleggast endringar til stillinga. Ei viktig hovudoppgåve vert å etablere det tverrfaglege familiens hus. Kommunalsjef for oppvekst og kultur skal sjå til at lovverk og rammeplanar vert følgt og har det overordna ansvaret for implementering og oppfølging av utviklingsarbeidet i einingane. Kommunalsjefen har leiaroppfølging av tenesteleiarane og skal bidra til god samhandling og kommunikasjon på tvers. I saker som vedkjem barn og/eller føresette, er det avgjerande å sørge for involvering og god dialog i møte med dei det gjeld. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal på sitt område Kommunalsjefen er ein del av kommunen si strategiske leing saman med kommunedirektøren og dei øvrige kommunalsjefane. Hovudfokus i stillinga er strategisk utvikling og kvalitetsutvikling innanfor ansvarsområda, i tett smarbeid med dei øvrige sektorane i kommunen. Vi er ute etter ein samlande leiar med god gjennomføringsevne, der dine leiar- og relasjonelle eigenskapar skapar tillit både internt og eksternt, og bidreg til kvalitet i tenestene til barn og unge, ein god arbeidsplass og eit engasjement for Austrheimsamfunnet.

Utlyst  02.07.21
Søknadsfrist  09.08.21
Selskap  Austrheim kommune HRM
Stillingstype  Fast dagtid
Lokasjon  Austrheim kommune

 

Del stillingen

Selskap

Austrheim kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bjørnar Fjellhaug
  • Tittel: Kommunalsjef
  • E-Post: bjornar.fjellhaug@austrheim.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 414 33 375 Arbeid+47 56 16 21 15

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

April 13, 2021