Kommuneoverlege
Masfjorden kommune søkjer etter kommuneoverlege med fastlegefunksjon i 100% stilling.
Stillinga omfattar samfunnsmedisinsk arbeid og kurativ teneste på legekontoret.
Stillinga er lokalisert til Masfjorden legekontor. Kontoret har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling. Alle fastlegane er fastløna. Legekontoret ligg i nye Fensfjordbygg på Hosteland, og er bemanna med helsesekretær, bioingeniør og sjukepleiarar. Me nyttar for tida journalsystemet Infodoc.
Arbeidsoppgåver kommuneoverlege
- Medisinskfagleg rådgjeving og vegleiing til kommuneleiinga og kommunale einingar
- Overordna ansvar for miljøretta helsevern og smittevern
- Sentral rolle i kommunen sitt beredskapsarbeid, herunder delta i kommunen si kriseleiing og tverrfaglege støtteteam
- Rådgjevar i spørsmål knytt til folkehelse og helseopplysning
- Ivareta det offentlege si varslings- og bistandsplikt etter Lov om psykisk helsevern
- Bidra til fagutvikling i kommunen sitt tenesteapparat
- Delta i fagleg oppfølging av utdanningsstillingar
Arbeidsoppgåver fastlege
- Fastlegeliste ca. 500 pasientar
- Det er for tida ingen allmennmedisinske offentlege oppgåver lagt til stillinga
- Fastlege deltek i Nordhordland legevakt (NLV) med 2-3 vakter i månaden. NLV er interkommunal legevakt for 6 kommunar i Nordhordland, stasjonert i Helsehuset i Knarvik.
Kvalifikasjonskrav
- offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
- ynskjeleg med spesialitet i almennmedisin og/eller samfunnsmedisin
- akuttmedisinsk kompetanse for legevakt (Nordhordland legevakt gjennomfører kurs)
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Har du anna morsmål enn norsk er kravet B2
- førarkort klasse B, og disponere eigen bil
- godkjend politiattest, jfr helsepersonellova, før tiltreding i stillinga
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til samhandling med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
- gode evner til kommunikasjon
- fleksibel og løysingsorientert
- kunne bidra til eit godt miljø – både fagleg og sosialt
Me tilbyr
- fastløn etter avtale
- arbeidstid etter avtale
- høgt fagleg nivå i våre tenester og eit utviklande fagmiljø
- eit arbeidsfelleskap med ein lett og god tone
- samlokalisering i nytt kontorfellesskap, og tett samarbeid med andre kommunale helsetenester
- pensjonsordning i KLP
- hjelp til å skaffe bustad
- barnehageplass
Personlege eigenskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig
- gode evner til samarbeid med kollegaer, hjelpepersonell, pasientar og pårørande
- gode evner til kommunikasjon
- fleksibel og løysingsorientert
- kunne bidra til eit godt miljø – både fagleg og sosialt
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Fast
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 08.10.2023
- Tiltreding: 01,01,2024
- Arbeidsstad: Masfjorden legekontor
Kontaktpersonar:
Ida Eide
tlf: 56166300
Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar
tlf: +47 56166219
mob: +47 90609941
Heimeside:
Adresse:
Hosteland 5986 Hosteland
Masfjorden kommune Helse og omsorg
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, men øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar.