Arbeidsstad vil vere kommunehuset i Treungen. Begge stillingar kan tilpassast søkar sitt ønskje om ein stillingsstorleik frå 80-100% stilling. Det er ønskjelig med tiltreding snarast råd.
Konsulent – 80-100% stilling ID 703 (2. gongs utlysing)
Nissedal kommune er vertskommune for samarbeid med Kviteseid kommune om løn- og rekneskapsoppgåver
Arbeidsområde er primært kommunerekneskapen til Kviteseid og rekneskap til fellesrådet i Kviteseid. Dette vil seie både føring av bilag, rapportering internt/eksternt og deltaking i årsavslutning.
For særleg godt kvalifiserte søkarar kan det vere aktuelt å gjere om denne stillinga til rekneskapsansvarleg.
Konsulent – 80-100% stilling ID 704
Arbeidsområde er primært utsending av fakturaer for kommunale tenester og oppfølging av desse. I tillegg ligg ansvar for Nissedal fellesråd sin rekneskap og ymse oppgåver knyt til kommunerekneskapen til stillinga.
For begge stillingar:
Ønska kvalifikasjonar:
Relevant utdanning på høgskulenivå, men søkarar med relevant erfaring oppmodast og om å søke.
Om deg:
Stillingane inneber at du er strukturert, nøyaktig og liker å jobbe med tal. Vidare at du kan jobbe sjølvstendig og kan stå på når oppgåvene tilseier det.
Vi kan tilby:
- Løn etter tariff
- Intern opplæring
- Gode pensjonsvilkår i KLP
- Hjelp til å skaffe bustad
- Flyttegodtgjering etter eige regulativ
- Fleksitidsordning
- Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
For spørsmål, kontakt kommunalsjef økonomi, Jarle Bruun Olsen, tlf. 35 04 84 03/905 15 115.
Tilsetjingsvilkår følgjer gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Du søker på stillinga ved å bruke elektronisk søknadsskjema.
Søknadsfrist 08.07.21