Koordinator (søknadsfrist 29.08)
Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane søkjer koordinator
Vil du koordinere arbeidet med å fremje natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane?
Forum for natur og friluftsliv (FNF) har ledig fast 100% stilling.
FNF er eit samarbeidsforum for natur- og friluftslivsorganisasjonar på fylkesnivå. Føremålet er å styrkje arbeidet med natur- og friluftslivsfaglege saker hjå dei tilslutta organisasjonane.
Koordinatoren vert tilsett av FNF nasjonalt og rapporterer til styret i FNF Sogn og Fjordane som gjev føringar og faglege prioriteringar for arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Støtte FNF sine tilslutta natur- og friluftslivsorganisasjonar i arbeidet med å ta vare på natur- og friluftslivsinteressene i aktuelle saker i Sogn og Fjordane
Påverke i plan- og saksprosessar. Ein vesentleg del av arbeidet er å skrive og hjelpe dei tilslutta organisasjonane med høyringsfråsegn og å påverke planprosessar på vegne av organisasjonane
Koordinere utspel i dei aktuelle sakene
Sette naturverdiar og friluftsliv på sakskartet i samfunnet
Ha god kontakt med myndigheitene og byggje gode nettverk mellom organisasjonane, med politikarar og andre relevante aktørar
Byggje kompetanse i organisasjonane
Administrativt ansvar for FNF i fylket, vere sekretær for styret og årsmøtet
Ønska kvalifikasjonar
Natur- og friluftslivsfagleg utdanning frå høgskule/universitet eller anna relevant høgare utdanning, som juridisk eller samfunnsvitskapeleg. Spesialisering innan naturforvalting eller plan er særleg relevant.
Erfaring innan arealplanlegging, naturforvalting, biologi, friluftsliv, frivillige organisasjonar eller myndigheitskontakt er ein fordel.
Interesse for natur og friluftsliv, biologi, økologi eller naturmangfald.
Kjennskap til organisasjonane og fylket.
God evne til skriftleg og munnleg framstilling.
Personlege ferdigheiter og eigenskapar
Ha gode samarbeidsevner og kunne vere løysingsorientert og samlande.
Kunne skape tillit hjå organisasjonane i forumet, hjå myndigheiter og andre aktørar.
Kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar, være strukturert og syne initiativ.
Entusiastisk og engasjert.
Vi kan tilby
Særleg uavhengig stilling med stor fleksibilitet
Gode forsikringar og sosiale ordningar
Løn etter avtale
Eit spennande og meiningsfullt oppdrag
Ein utviklande og variert jobb kor ein lærar mykje
Gode kollegaer over heile landet
Stillinga er no er lokalisert i kontorfelleskap på Leikanger. Vi er fleksible og opne for andre lokaliseringar innanfor gamle Sogn og Fjordane fylke, tilpassa behova til koordinatoren og organisasjonane. Koordinatoren inngår i et fellesskap av koordinatorar landet over.
Last opp CV og søknadsbrev i .pdf eller liknande format.
Om arbeidsgiveren
FNF er et samarbeidsforum for natur- og friluftslivsorganisasjonar på fylkesnivå. Føremålet er å styrkje dei tilslutta organisasjonane sitt arbeid med natur- og friluftslivsfaglege saker.
FNF er stifta av Norsk Friluftsliv, Den norske Turistforening, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Naturvernforbundet og Friluftsrådenes Landsforbund. Eit stort antall natur- og friluftslivsorganisasjonar er tilslutta FNF i kvart fylke. FNF er nyleg sertifisert som ein god arbeidsplass av “Great Place to Work”.
Sektor Organisasjoner
Sted Sognefjordvegen 40, 6863 Leikanger
Stillingsfunksjon Biolog,Koordinering,Rådgivning
Arbeidsgiver FORUM FOR NATUR OG FRILUFTSLIV (FNF)
Stillingstittel Koordinator
Ansettelsesform Fast
Frist 29.08.2021
Spørsmål om stillingen
Ole Lilleås
Mobil 415 06 236
Alf Erik Røyrvik, Styreleiar FNF Sogn og Fjordane
Mobil 958 89 475