Kulturskulerektor i Fjord kulturskule

 

Om stillinga

Fjord kommune har behov for ein vikar til stillinga som kulturskulerektor med snarleg tilsetting.

Kulturskulerektor: frå 27.03.2023 – 31.07.2023 inntil 60 % vikariat (mulegheit for forlenging ut desember 2023)

Fjord kulturskule tilbyr fast undervisning på messing, treblås, fele, song, piano, gitar, slagverk og biletkunst. I tillegg har vi ulike gruppetilbod som “musikksprell” for 1.-3 klasse, tilrettelagt samspel for born og vaksne med nesdsett funksjonsevne, bandtilbod og danseprosjekt. Vi har undervisningsstader ved skulane i Eidsdal, Stordal og Valldal.

Kulturskulen har som mål å vere eit kulturpedagogisk ressurssenter i kommunen, og forsøker å vere ein aktiv samarbeidspartner for det frivillige kulturlivet i Fjord kommune. Vi samarbeider mellom anna med dei tre skulekorpsa i kommunen om rekruttering, instrumentalopplæring og dirigenttenester. I tillegg er kulturskulen inne i musikkundervisninga til 3. og 4. klasse i samarbeidsprosjektet “korps i skulen”. “Korps i skulen” er eit tilbod vi i år gir til alle skulane i kommunen, der messinglærar går inn i musikkundervisninga for 10 veker per. skule.

Fjord kommune har nynorsk som målform

 

 

  • Søknadsfrist: 09.04.2023
  • Arbeidsgivar: Fjord kommune
  • Stad: VALLDAL, Eidsdal, Stordal
  • Stillingstittel: Kulturskulerektor i Fjord kommune
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Deltid
  • Tilsetjingsform: Vikar
  • Stillingsprosent: 60
  • Webcruiter-ID: 4637320543
  • Sluttdato: 31.12.2023

 

Arbeidsoppgåver

  • Kulturskulerektor
  • Økonomiansvar
  • personalansvar
  • planlegging og drift
  • Opptak til nytt skuleår
  • Kommunekontakt DKS (kulturelle spaserstokken)

Kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring
  • Relevant musikkutdanning frå universitet/høgskole – ønskeleg
  • Praktisk Pedagogisk utdanning – ønskeleg
  • Digital kompetanse – kjennskap til SpeedAdmin
  • Eventuell kompetanse/erfaring frå andre fagområde vil vere positivt
  • Godkjent politiattest ved tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du set elevane si læring og trivsel i sentrum
  • Du er positiv og har evne til å motivere og engasjere
  • Du er sjølvstendig, strukturert og fleksibel i høve arbeidsoppgåver
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med små og store
  • Personlege eigenskapar, relevant erfaring og referansar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Pensjon i KLP
  • Lønn etter avtale

 

Posboks 144, 6210 VALLDAL, Norge

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Thea Marie Ytterdal
Rektor kulturskulen
 Telefon:41576702

Marius Moe
personalsjef
 Telefon:47660346
E-post:marmoe@fjord.kommune.no

 

Om arbeidsgivaren

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Valldal
  • Stranda

Søknadsfrist

August 31, 2021