Kulturskulerektor (søknadsfrist 13.04)

Hyllestad kommune

                

Kulturskulerektor

 

Vil du være med å utvikle kulturskulen i Hyllestad og Fjaler for framtida?
Brenn du for at alle skal få muligheit til å skape, utøve og oppleve kunst og kultur?
Er du ein utviklingsorientert, inspirerande og trygg leiar som er god til å samhandle med andre?

Vi har ledig stilling som kulturskulerektor frå 01.08.2020.

Hyllestad og Fjaler kulturskule har om lag 250 elevar og 6 årsverk fordelt på 8 tilsette. I Hyllestad finn undervisninga stad i nye lokale i Hyllestadhallen. I Dale er ein i gang med å byggje ny kombinert barne- og ungdomsskule, der det er planlagt sambruk med kulturskulen.

Kulturskulen har tilbod innan musikk, dans og kunstfag. Den vert sett på som eit lokalt ressurssenter som yter tilbod primært til born og unge mellom 0 – 18 år. I 2017 vart det vedteke lokal rammeplan som er førande for kulturskulen sitt arbeid.

Som kulturskulerektor vil du ha ansvar for fagleg og administrativ leiing av skulen, samt strategisk planlegging for at kulturskulen skal utvikle seg i tråd med føringar og behov.

Om stillinga

Rektorstillinga er fordelt med 70 % administrasjon og 30 % undervisning.
Kulturskulen nyttar «SpeedAdmin» som administrasjonsprogram.
Kulturskulerektor er ein del av leiargruppa i Hyllestad kommune og rapporterer direkte til kommunedirektøren.
Kontorstad er på Hyllestad kommunehus.

Kvalifikasjonar

Minimum 3-årig universitets-/høgskuleutdanning med kunst-/kulturfag
Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
Formell pedagogisk kompetanse
Ønskjeleg med minimum tre års erfaring innan kunst- og kulturfag
God kjennskap til økonomi, budsjettering og rekneskap
Søkjar må ha førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer at du har eit sterkt fagleg engasjement, er ansvarsbevisst, og ein tydeleg leiar.

Det er krav om godkjent politiattest for stillingar i kulturskulen før tiltreding.

Vi tilbyr

Løn etter avtale.
Tilsettingsvilkår, rettar og plikter i tråd med lov, føresegner og avtaleverk.
Pensjonsordning i KLP, 2 % vert trekt frå løn til denne ordninga.

 

Søknadsfrist: 13.04.2020

 

Tiltreding: 01.08.2020
Arbeidsstad: Hyllestad kommunehus

 

Kontaktpersonar:
Elin Garnes Solås
tlf: +47 57 78 95 04  mob: +47 905 07 908

Gjermund Flage
tlf: +47 57 78 95 46  mob: +47 932 18 780

 

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

 

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.400 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste. Du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, og her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi kan nemne nokre av våre orgainserte aktivitetar som biljard, dykkarklubb, turlag, idrettslag, kulturskule, kor,
bogeskyting med meir.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg?

 

Hyllestad kommune Oppvekstsektoren

Del stillingen

Selskap

Hyllestad kommune

Kontaktinfo

  • Elin Garnes Solås
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 78 95 04 mob: +47 905 07 908
  • Gjermund Flage
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 78 95 46 mob: +47 932 18 780

Lokasjon

  • Hyllestad

Søknadsfrist

April 13, 2020