Diakon/seksjonsleiar diakoni

 

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Ønsker du å vise Guds kjærleik i praktisk handling overfor medmenneske og skaparverket? Er du villig til å stille spørsmålet «Kva vil du at eg skal gjere for deg?» – og handle ut frå det?

Dersom svaret på desse spørsmåla er ja, håpar vi du vil søkje på denne stillinga som seksjonsleiar for diakoni/diakon. Hos oss vil du få vide rammer til å utvikle det diakonale arbeidet i heile fellesrådsområdet. Som seksjonsleiar for diakoni vil du få ein unik mogelegheit til å byggje vidare på det diakonale arbeidet vårt.

Ta kontakt med oss, så fortel vi deg meir om dette.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 30.10.2024
Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Stad: Straume
Stillingstittel: Diakon/seksjonsleiar diakoni
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4867770712

Arbeidsoppgåver

Leie og utvikle det diakonale arbeidet i kyrkje og lokalsamfunn
Vere kyrkja sitt strategiske auge ut mot lokalsamfunnet sitt behov
Vere pådrivar for at nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd vert innarbeidd i alle delar av kyrkja sitt arbeid
Vere ein aktiv pådrivar for samhandling og vidareutvikling av eksisterande samarbeid med kommunen og andre aktørar
Fagleg- og personalleiing overfor tilsette i seksjon for diakoni
Vere styremedlem av og rettleiar for Basecamp ungdomsdiakonitiltak når det gjeld diakonal tenking og praksis
Leie eitt av sokneteama i fellesrådsområdet i samarbeid med soknepresten
Vere eit konstruktivt medlem av leiargruppa
Andre arbeidsoppgåver som diakon, t.d. samtalar, sorggrupper, osv.

Kvalifikasjonar

Utdanning i høve til tenesteordning for diakonar
Andre med relevant høgare utdanning kan òg søkje, til dømes utdanning på bachelornivå innan helse- og sosialfag eller pedagogikk. Den som vert tilsett må vere villig til å ta master i diakoni som fører fram til godkjent grad som diakon, jfr. tenesteordning for diakonar. Oppstart på master må vere innan eitt år frå tiltredingstidspunkt
Erfaring frå diakonalt arbeid vil verte vektlagt
Ønskeleg med formell leiarutdanning, men arbeidserfaring som leiar kan kompensere
Erfaring med å leie strategisk arbeid er ein fordel
Kjennskap til kyrkja sine fellessystem er ønskjeleg
Noko økonomi- og budsjetterfaring er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Du er flink til å tenkje fagleg strategisk
Du ser mogelegheiter framfor avgrensingar
Du er ein utprega lagspelar, og er flink til å spele andre gode
Du er dyktig til å motivere og inspirere dine medarbeidarar og drive målretta arbeid gjennom seksjonen
Du er målbevisst
Du er inkluderande, raus og glad i menneske

Vi tilbyr

Stort spelerom til å utvikle stillinga i samarbeid med fellesråd og medarbeidarar
Eit godt arbeidsfellesskap der det er mange å spele på lag med
Høve til personleg og fagleg utvikling
Stor grad av autonomi og fleksibilitet
Løn i samsvar med KA sin tariffavtale
Inntil 20% av arbeidstida i fire år kan brukast til å ta master i diakoni

Anna:

Du må vere medlem av Den norske kyrkja
Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jfr. trossamfunnslova §20
Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling, og at biskopen gir tenestebrev
Stillinga er ledig frå 01.04.2025. Det er ønskjeleg med eit overlapp mellom noverande og ny seksjonsleiar
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Tytebærbrekko 2, 5353 Straume, Norge

Kontaktinformasjon

Annlaug Børve, Kyrkjeverje
Telefon:  473 04 530

Astrid Fylling, seksjonsleiar for diakoni
Telefon:   971 75 733

 

«Nær Gud, nær menneske.»

Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.

Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.

Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.

Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.

Del stillingen

Selskap

Øygarden kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Annlaug Børve
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 473 04 530

Lokasjon

  • Fjell
  • Straume

Søknadsfrist

Oktober 30, 2024