Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (40%) / diakonimedarbeidar (60%)
 

Trusopplæring og diakoni i Stord og Nysæter.    
Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (40%) / diakonimedarbeidar (60%)
Tilsetjing etter avtale.   

 

Arbeidsområde

  • Oppgåver innan kyrkjeleg undervisning og i skjæringspunktet mellom diakoni og trusopplæring.
  • Konfirmantar og tiltak innan ungdomsdiakoni.
  • Samtalar, sorgarbeid, fellesskapsbyggande arbeid mm.
  • Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring og diakoni vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
     

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller diakon.
  • Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk, sosiale fag o.l., vil også bli vurdert. 
  • Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
  • Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
  • Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
  • Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

 

Personlege eigenskapar

  • Hjarte for barn og unge.
  • God formidlingsevne.
  • God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
  • God relasjonsbyggjar.
  • Kreativ og nyskapande.
  • God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
  • Evne og vilje til samarbeid.

 

Me kan tilby

  • Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande KA-tariff.
  • Pensjonsordning i KLP

 

Anna

  • Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
  • Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
  • Du må trivast med ein del kveld- og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
     

Det er mogleg å søkje på deler av stiillinga. Ynskjer du å søkje som kun kyrkjelydspedagog eller kun diakonimedarbeidar?  Send oss gjerne ein søknad likevel.                                                                                                                                

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til  

kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, liv.kari@kyrkja-stord.no

 

Søknad med CV og to referansar kan sendast til

liv.kari@kyrkja-stord.no

 

Søknadsfrist: 15. desember 

Tilsetjing våren 2025 / etter avtale

Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagogar, gravplassarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personell, til saman om lag 14 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og ein ungdomsprest. Administrasjonsmålet er nynorsk.

 

Del stillingen

Selskap

Stord kyrkjelege fellesråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Liv Kari Bru
  • Tittel: kyrkjeverje/dagleg leiar
  • E-Post: liv.kari@kyrkja-stord.no
  • Mobil/Tlf: 473 50 754

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Desember 15, 2024