Visit MR

Er du vår nye kyrkjeverje/daglege leiar i Surnadal kyrkjelege fellesråd?

 
 
Vi har ledig ei spennande 100% fast stilling som kyrkjeverje, dagleg leiar med oppstart våren 2023.

Surnadal kommune ligg på Nordmøre og har ca. 6000  innbyggjarar. Kommunen er kjend for sitt rike kulturliv og fine turområde.

Kyrkjeverja er dagleg leiar i kyrkjeleg fellesråd. Fellesrådet er kyrkjas valde organ på kommunenivå.

I Surnadal har vi 6 kyrkjer og 7 kyrkjegardar fordelt på fem sokn.

Kyrkjekontoret ligg i sentrum, og er eit fleirbrukshus der fleire av våre aktivitetar finn stad.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

Kyrkjeverja er dagleg leiar for verksemda til fellesrådet. Dette inneber m.a.:

  • Personalleiing og arbeidsgjevar for dei tilsette.
  • Ansvar for økonomi, rekneskap og budsjett.
  • Planleggjing og tilretteleggjing av kyrkjeleg verksemd.
  • Sekretær og saksbehandlar for fellesrådet og ansvarleg for oppfølgjing av vedtak.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
  • Leiar for gravferdsforvaltninga i kommunen.
  • Rapportering til det offentlege.’
  • Oppretthalde kontakt med kommunen og elles vere ein synleg representant utad.
  • Bidra til å realisere kyrkja sin visjon om å vere levande, nær og tilgjengeleg i lokalsamfunnet.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i leiing, personalleiing, administrasjon og økonomistyring. Annan utdanning kan også vera aktuell.
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.

Fordel med:

  • Kunnskap om kyrkjeleg organisering og offentleg forvaltning. Opplæring vil bli gjeve.
  • Kunnskap om forvaltning av kyrkjebygg, herunder vedlikehald av verneverdige bygg. Opplæring vil bli gjeve.

Du må vere medlem i Den norske kyrkja.

Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

Personlege eigenskapar:

  • Som kyrkjeverje må du ha gode leiareigenskapar og vere flink til å organisere og administrere.
  • Du er løysingsorientert i ein kvardag der du møter ulike utfordringar.
  • Du er tillitsvekkjande, god i møte med folk og ein relasjonsbyggjar.
  • Du er fleksibel og allsidig.
  • Erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og meningsfylt stilling med konkurransedyktige betingelsar i ein kompetent organisasjon.
  • Pensjonsordning i KLP.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Ring fellesrådsleiar Rannveig Brøske på mobilnummer 476 25 054

Søknad med cv sendes til: [email protected]
eller Surnadal kyrkjelege fellesråd,  Postboks 19, 6656 Surnadal.

 

Søknadsfrist 1 februar 2023.

 

 

Del stillingen

Selskap

Surnadal kirkelige fellsråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Lene Wilhelmsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 456 42 202
  • Rannveig Brøske
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 476 25 054

Lokasjon

  • Stangvik
  • Surnadal

Søknadsfrist

Februar 1, 2023