Er du vår nye kyrkjeverje/daglege leiar i Surnadal kyrkjelege fellesråd?

 

 

Vi har ledig ei spennande 100% fast stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar.

Kyrkjeverja har ansvar for tenester som betyr mykje for mange – i viktige fasar av livet. Surnadal kyrkjelege fellesråd lyser ut 100 % stilling som kyrkjeverje/ dagleg leiar, med oppstart omkring nyåret.

Surnadal kommune ligg på Nordmøre og har ca. 6000 innbyggjarar. Kommunen er kjend for sitt rike kulturliv og fine turområde.

Kyrkjeverja er dagleg leiar i kyrkjeleg fellesråd. Fellesrådet er kyrkja sitt valde organ på kommunenivå. I Surnadal har vi 6 kyrkjer og 7 kyrkjegardar fordelt på fem sokn. Kyrkjekontoret ligg i sentrum, og er eit fleirbrukshus der fleire av våre aktivitetar finn stad.

 

ANSVARSOMRÅDE OG ARBEIDSOPPGÅVER:

Kyrkjeverja er dagleg leiar for verksemda til fellesrådet. Dette inneber m.a.:

  • Personalleing og arbeidsgjevaransvar for dei tilsette.
  • Ansvar for økonomi, rekneskap og budsjett.
  • Planleggjing og tilretteleggjing av kyrkjeleg verksemd.
  • Sekretær og saksbehandlar for fellesrådet og ansvarleg for oppfølgjing av vedtak.
  • Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar.
  • Leiar for gravferdsforvaltninga i kommunen.
  • Rapportering til det offentlege.
  • Oppretthalde kontakt med kommunen og elles vere ein synleg representant utad.

 

KVALIFIKASJONAR

  • Utdanning i leiing, personalleiing, administrasjon og økonomistyring. Annan utdanning kan også vera aktuell.
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og muntleg.

 

FORDEL MED

  • Kunnskap om kyrkjeleg organisering og offentleg forvaltning. Opplæring vil bli gjeve.
  • Kunnskap om forvaltning av kyrkjebygg, herunder vedlikehald av verneverdige bygg. Opplæring vil bli gjeve.

Du må vere medlem i Den norske kyrkja.

Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

 

PERSONLEGE EIGENSKAPER

  • Som kyrkjeverje må du ha gode leiareigenskapar og vere flink til å organisere og administrere.
  • Du er løysingsorientert i ein kvardag der du møter ulike utfordringar.
  • Du er tillitsvekkjande, god i møte med folk og ein relasjonsbyggjar.
  • Du er fleksibel og allsidig.
  • Erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

 

VI TILBYR

  • Ei spennande og meningsfylt stilling med konkurransedyktige betingelsar i ein kompetent organisasjon.
  • Løn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP.

 

Har du spørsmål om stillinga?

  • Ring fellesrådsleiar Rannveig Brøske på mobilnummer 476 25 054
  • Søknad med cv skal sendast til:
  • [email protected]
  • eller Surnadal kyrkjelege fellesråd, Postboks 19, 6656 Surnadal.
  • Søknadsfrist 7. august 2023.

 

Del stillingen

Selskap

Surnadal kirkelige fellsråd

Kategorier

Kontaktinfo

  • Rannveig Brøske
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 476 25 054

Lokasjon

  • Surnadal

Søknadsfrist

Mars 23, 2023