Kyrkjeverje

 

Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)

Dalsvegen 105 A, 6963 Dale i Sunnfjord

Er du Fjaler sin nye kyrkjeverje? 100% stilling blir ledig når du er klar like over sommarferien.

Vi søkjer ein person som har evne og vilje til å setje seg inn i det varierte arbeidet som ligg til kyrkjeverjestillinga i ein liten organisasjon. I kommunen er det eitt sokn.
Kyrkjeverja er, saman med soknepresten, dei tilsette og soknerådet, sentral i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet.

Fjaler sokn har kontor i Dalehuset ved Dale kyrkje. Her finn ein kyrkjeverje, prest, kantor og sekretær. Vi har to kyrkjer som er viktige kulturbygg i kommunen, samt nokre fleire gudstenestestader. I kommunen er det fire gravplassar.

Arbeidsoppgåver

Dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar
Arbeidsgjevaransvar og personalleiing for dei tilsette i soknet
Sekretær for sokneråd og utval med ansvar for planarbeid, saksutgreiing og oppfølging av saker
Kan måtte steppe inn med praktiske gjeremål ute i «feltet»
Oppretthalde eit godt samarbeid med prost, kommune og andre samarbeidspartnarar

Ansvar for:

  • kyrkjekontor, utstyr, programvare, arkiv
  • HMT-arbeid
  • økonomi, budsjett, tilvising, rekneskap, årsrapport
  • drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
  • gravplassforvaltninga i kommunen

Kvalifikasjonar

  • Kunnskap om Den norske kyrkja som organisasjon
  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå gjerne med administrasjon, økonomi og leiing i fagkrinsen. Leiarerfaring og annan realkompetanse kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning
  • Erfaring med økonomiarbeid
  • Erfaring som leiar med personalansvar
  • Erfaring innan organisasjonsutvikling

Personlege eigenskapar

  • God innsikt, interesse og engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet
  • Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og inkludering av friviljuge
  • Engasjert, fleksibel, strukturert og resultatorientert
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
  • Kunne møte utfordringar

Vi tilbyr

  • Ei interessant og utfordrande leiarstilling
  • Eit erfarent og godt kollegium på kyrkjekontoret
  • Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
  • Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning og forsikring i KLP
  • Arbeidsrettleiing og kurs for kyrkjeverjer

Anna:

Kyrkjeverja må:

vere medlem i Den norske kyrkja
ha førarkort klasse B og bør disponere eigen bil
pårekna noko møteverksemd på ettermiddags-/kveldstid, og
kunne legge fram politiattest av nyare dato.

Kontaktinformasjon

Irene Fløde, Kyrkjeverje, 99238420

Trude G. Høgseth Felde, Leiar i soknerådet, 99284351

Arbeidssted
Dalsvegen 105 A
6963 DALE I SUNNFJORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)

Referansenr.: 4651936733
Stillingsprosent: 100%
Fast

 

Søknadsfrist: 19.05.2023

 

Søk på stillingen her.

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)

Adresse

Fjaler kyrkjekontor, Dalstunet, Dalsvegen 105A, 6963 Dale i Sunnfjord

 

Hjemmeside
http://www.fjaler.kirken.no

Kontaktperson for stillingen

Irene Fløde, Kyrkjeverje
992 38 420

 

Fjaler kommune ligg ved Dalsfjorden, har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen i Vestland fylke. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, gode skular og andre offentlege tilbod. Sjå Fjaler kommune si heimeside.
United World College, Jakob Sande-senteret og Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen tilfører oss både nasjonale og internasjonale impulsar, og gjer fjalerfolk trygge på å ta imot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord og fjell.

Kommunen har ein flott og variert natur, med gode tilhøve for friluftsliv både på fjord og fjell. Eiga lysløype og kort veg til lysløypa på Bringeland. Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland, 30 minutt med bil frå Dale. Næraste byen er Førde, 45 min frå Dale. Sør til Bergen tek det 3,5 timar med bil inkl. ferje over Sognefjorden. Til Bergen kan ein også ta hurtigbåt frå Askvoll og Rysjedalsvika.

Del stillingen

Selskap

Fjaler sokn

Kategorier

Kontaktinfo

  • Irene Fløde
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 38 420
  • Trude G. Høgseth Felde
  • Tittel: Leiar i soknerådet
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99284351

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Mai 19, 2023