Kyrkjeverje i Fyresdal sokn – 2.gangs utlysning

 

 

Vil du vere med å leie ei open og inkluderande folkekyrkje i Fyresdal?

Det er ledig inntil 100% fast stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar frå 1. mai 2024.Stillinga inkluderer klokkarteneste.
Det er eitt sokn i Fyresdal kommune med to kyrkjer og fire gravplassar.I tillegg til kyrkjeverje er staben sett saman av kantor i 50% stilling, kyrkjetenar og prest i 100% stilling ,samt samarbeid om prostidiakon i 100% stilling.
Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.

 

  • Søknadsfrist: Snarast
  • Arbeidsgivar: Kirkejobb
  • Stad: Fyresdal
  • Stillingstittel: Kyrkjeverje i Fyresdal sokn
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4708946041

 

Ansvar- og arbeidsoppgåver

  • Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet og soknerådet si verksemd.
  • Ansvar for bygg- og gravplassforvaltning, personalleiing, sakshandsaming og økonomi.
  • Klokkarteneste ved gudstenester og gravferder.
  • Kontakt og hjelp til pårørande i samband med gravferd.
  • Kontakt og samarbeid med lokale og eksterne aktørar.
  • Strategi- og planarbeid saman med sokneråd, tilsette og friviljug

 

Ynskte kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
  • Særleg relevant kompetanse eller personlege eigenskapar kan erstatte utdanningskrav.
  • Kompetanse innanfor administrasjon, personal og økonomi.
  • Eit engasjement for Den norske kyrkja som organisasjon og aktør i samfunnet.
  • Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
  • Målforma i Fyresdal kommune er nynorsk

 

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Vere omgjengeleg og ha evne til å byggje gode relasjonar.
  • Vere målretta, strukturert og fleksibel.

 

Vi tilbyr

  • Ein variert jobb der ingen dagar er like.
  • Godt arbeidsmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Nye og gode kontorlokale i Fyresdal Næringshage.
  • 35,5 timars arbeidsveke og kompensasjon for ugunstig arbeidstid

Søknadsfrist: 15. januar 2024.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Kontaktperson: Kyrkjeverje Else Berit Mandt Gaaren, 95159494
Søknad sendast til [email protected]

 

Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Else Berit Mandt Gaaren
Kyrkjeverje
 Telefon:95159494

Del stillingen

Selskap

Fyresdal sokn

Kategorier

Kontaktinfo

  • Else Berit Mandt Gaaren
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 951 59 494

Lokasjon

  • Fyresdal

Søknadsfrist

Januar 1, 2024