Lærar 60% vikariat (søknadsfrist 12.11)
Nærings- og reiselivssjef
Ulvik herad ynskjer å styrka det lokale utviklingsarbeidet, særleg retta mot turisme og næringsliv. Me søkjer difor no etter nærings- og reiselivssjef i fast 100% stilling. Stillinga er organisatorisk lagt under rådmannen, og skal driva utviklingsarbeid i tett samarbeid mellom nærings- og reiselivet, næringslivsorganisasjonar og kommuneadministrasjonen.
Søknadsfrist: 7.juni 2020
Ansvar og arbeidsoppgåve:
- Leia og koordinera utviklingsarbeid i Ulvik, herunder turistkontoret
- Initiera og fylgja opp delprosjekt
- Vera ein inspirator og eit bindeledd mellom utviklingsaktørar og offentleg støtteapparat
- Koordinera utviklingsarbeidet lokalt og vera aktiv deltakar i regional utvikling
- Rettleia og bistå lokalt næringsliv, nye etablerarar og andre aktørar
- Saman med heradet og næringslivet profilera Ulvik utad
Me søkjer etter ein person som har:
- Relevant utdanningsbakgrunn, gjerne «kaos-pilot»
- Relevant erfaring og evne til kreativitet, nytenking og innovasjon
- Erfaring frå utviklingsarbeid er ei føremon
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å motivera, samt knyta og utvikla nettverk
- Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt
Me kan tilby:
- Ei spanande, til dels uavhengig og sektorovergripande stilling med store mogelegheiter for sjølvrealisering og personleg utvikling
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
Kontorstad er pt Skeiesvegen 3 i Ulvik. Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakta rådmann Thore Hopperstad på tlf 4000 7158 eller epost thore.hopperstad@ulvik.kommune.no.
Søk elektronisk her. Merk med saksnr 20/258
Søknadsfrist: 7.juni 2020