*Lærar, 3 faste og 5 vikariat *Pedagogiske leiarar barnehage (søknadsfrist 22.03)

 

 

Lærar i Fjord kommune

 

Fjord kommune har ledig inntil 3 faste stillingar og 5 vikariat som lærar i Eidsdal, Stordal og Valldal.

Arbeidsstart – 01.08.2019
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Inntil 5 stillingar (2 fast og 3 vikariat) på Stordal skule som er ein kombinert barne- og ungdomsskule frå 1 – 10 årssteg. I tillegg har skulen SFO

Inntil 1 stilling i vikariat på Eidsdal skule som er ein kombinert barne- og ungdomsskule frå 1 – 10 årssteg. I tillegg har skulen SFO

Inntil 2 stillingar i vikaiat (høve for fast tiltreding) på Valldal skule som er ein kombinert barne- og ungdomsskule frå 1 – 10 årssteg. I tillegg har skulen SFO og Vaksenopplæring

Fjord kommune har nynorsk som målform.

Arbeidsoppgåver

Undervisning på 1 – 10 årssteg
Kontinuerlig oppfølging av elevane si læring
Systematisk utvikling av eiga undervisning
Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 og/eller 5-10
Spesialpedagogisk kompetanse er ønskjeleg
Ønskeleg med praktisk-estetiske fag
Digital kompetanse
Spesifikke fagønskje Stordal skule
Engelsk, spansk, spes.ped, samfunnsfag, kroppsøving, musikk og kunst og handverk.
Spesifikke fagønskje Valldal skule
Engelsk 1 – 7, matematikk og naturfag 5 – 10 og musikk og mat og helse i praktiske-estetiske fag.

Personlege eigenskapar

Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
Setter elevanes læring og trivsel i sentrum
Har evne til å motivere og engasjere
Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig

Vi tilbyr

Løn i samsvar med kommunalt avtaleverk
Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Pensjonsordning i SPK med 2 % medlemsinnskot

 

Søknadsfrist: 22.03.2020

 

Arbeidsgivar: Fjord kommune
Tittel: Lærar i Fjord kommune
Heiltid / Deltid: Heiltid
Webcruiter-ID: 4200824012
Stillingar: 8
Startdato: 01.08.2020
Arbeidsstad Olavsgata 10, 6210 Valldal

 

Kontaktinformasjon

Marianne Nakken, Rektor Stordal
418 67 871
[email protected]

Geir Olav Øien, Rektor Eidsdal
418 67 861
[email protected]

Mariann Birkhol, Rektor Valldal
418 67 481
[email protected]

 

 

—————————————————————————————————————————-

 

Pedagogisk leiar i Fjord kommune

 

Fjord kommune har ledig inntil fire faste stillingar som pedagogisk leiar fordelt på følgjande barnehagar i kommunen; Syltebøen barnehage og Dalsbygda barnehage.

Inntil 3 stillingar (100%) i Syltebøen barnehage som ligg sentralt til i Valldal sentrum med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen er delt inn i tre alderstrinn med Ormula (småbarnsavdeling), Valldøla og Syltefjellet som er aldersblanda. Barnehagen har i dag ein styrar, fire pedagogisk leiarar, sju Barne/ungdomsarbeidarar og to assistentar og er open frå 07:00 – 16:30.

1 stilling (50%) i Dalsbygda barnehage som ligg sentralt til i bygda, Norddal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen er delt inn i to aldersgrupper. Barnehagen har i dag ein styrar, to pedagogisk leiarar og tre Barne/ungdomsarbeidarar og er open frå 07:00 – 16:30.

Barnehagene jobbar med implementering av ny rammeplan, med fokus på:

– Styrkje ei fagleg god vaksenrolle, og auke den relasjonelle kompetansen i kommunikasjon med barn og mellom barn
– Styrkje og utvikle eit godt foreldresamarbeid
– Utvikle arbeidet i team, samlæring og fagleg rettleding.
– Styrkje forståing for- og kunne ta i bruk gode verktøy i arbeid knytt opp til barn si språkutvikling
– Ta i bruk gode metodiske verktøy i evalueringsarbeidet.

Aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
Medansvar i arbeidet med HMS
Ta imot og gi pedagogisk veileding
Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning.
God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
Må kunne norsk godt munnleg – kommunen har nynorsk som målform.
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Personlege eigenskapar

Du er sjølvstendig og løysingsorientert
Du har erfaring frå fagområdet
Du kan arbeide målretta
Du har evne og vilje til samarbeid
Du kan ta eige initiativ
Du er engasjert og kreativ
Du har positiv innstilling og godt humør
Du har god digital kompetanse
Du er ein god rollemodell
Du er flink til å rettleie

Vi tilbyr

Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
Løn i samsvar med avtaleverk
Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot

 

Kontaktinformasjon

Ann-Kristin Lunden, Styrar Dalsbygda
418 67 886
[email protected]

Marianne Berge, Styrar Syltebøen
907 20 116
[email protected]

 

Fjord kommune er tidlegare Norddal og Stordal kommune som slo seg saman 01.01.2020. Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2700 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med stort fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen her.

 

Del stillingen

Selskap

Fjord kommune

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon pr utlysing.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Valldal

Søknadsfrist

Mars 22, 2020