Vindafjord kommune

Vikedal skule treng ny lærar!

Lærar 3. og 4. klasse Vikedal skule

 

Me søkjer:

No har du moglegheit til å få jobb på ein veldig kjekk skule i Vindafjord kommune, Vikedal skule. Me søkjer deg som er utdanna lærar først og fremst, og då kan me tilby fast stilling i 100%. Men du kan også søkja om du har anna relevant erfaring, eller anna utdanning, men då blir det eit vikariat dette skuleåret. Håpar du tek sjansen og vil bli ein del av laget vårt på Vikedal skule!

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me jobbar for at alle elevar skal kjenna seg inkludert både fagleg og sosialt. Me ser etter deg som er ein god klasseleiar og som kan tenkje litt «utanfor boksen» der ein tenkjer variert undervisning, tverrfagleg arbeid og verkeleg tek tak i det som står i LK20. Dette jobbar me med på skulen vår, og håpar du vil bidra inn i profesjonsfellesskapet.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me treng lærar i 3. og 4. klasse i hovudsak, fag som t.d. matematikk, engelsk, musikk. Andre fag kan også vera aktuelle.

Kvalifikasjonar

Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du kan også søkje om du har anna relevant utdanning, men då blir det vikariat, ikkje fast stilling. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar:

Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet og profesjonsfellesskapet på Vikedal skule. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Mentor til nyutdanna lærarar
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillinga her.

Referansenummer: 23/2646

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.09.2023

 

Tiltreding: Snarast

Arbeidsstad: Vikedal skule

 

Kontaktpersonar:

Bente Tednes Gjil
tlf: +47 41493230

 

Heimeside:

/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/

 

Adresse:

Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

 

Vindafjord kommune

Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bente Tednes Gjil
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 414 93 230

Lokasjon

  • Vikedal

Søknadsfrist

September 1, 2023