Undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag

 

 

Anleggsutdanninga ved Fagskulen Vestland, avd Voss, har ledig lærarstilling. Det er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar, over 3 skuleår. Vi har 3 klassar som har 6 samlingsveker kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.

 

  • Søknadsfrist: 02.10.2023
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stillingstittel: Undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4709365317

 

Arbeidsoppgåver

  • undervise og rettleie fagskulestudentar på fysiske samlingar og via nett
  • utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane
  • utvikle gode arbeidskrav og vurdering av desse
  • halde deg oppdatert mot næringa

 

Kvalifikasjonar

  • sivilingeniør, ingeniør eller fagskuleingeniør innan anleggsfag eller konstruksjonsfag
  • det er ønskjeleg med kunnskap om konstruksjonslære / statikk, samt betong og stålkonstruksjonar
  • gode kommunikasjonsevner
  • pedagogikk er ein fordel men ikkje eit krav. Det kan leggjast til rette for at dette kan tas ved siden av jobben

 

Personlege eigenskapar

  • Du likar tanken på å vere lærar på fagskule for vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
  • Du har eit ønskje om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
  • Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
  • Du er glad i faget ditt og har evne til å engasjere deg. og samtidig engasjere andre.
  • Du ønskjer å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.

 

Vi tilbyr

Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggjelege og engasjerte kollegaer. Du får høve til å delta i gode faglege diskusjonar og til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.

I tillegg får du fordelane med å vere tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Andrid Solaas
avdelingsleiar

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Andrid Solaas
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

Oktober 2, 2023