Vikedal skule treng ny lærar på u-trinnet i fast stilling!
Fast lærarstilling
Me søkjer:
Lærar 100% fast stilling med undervisning på ungdomstrinnet på Vikedal skule snarast, eller frå 1.januar 2024.
Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som brenn for dette arbeidet og som likar å jobba med ungdommar.
Hovudarbeidsoppgåver:
Me søkjer etter lærar i fast 100% stilling på ungdomstrinnet med kompetanse i blant anna matematikk, musikk, spesialpedagogikk og samfunnsfag. Andre fag kan også vera aktuelle.
Kvalifikasjonar:
Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Dersom du ikkje har grunnskulelærarutdanning kan det vera aktuelt med eit vikariat. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.
Personlege eigenskapar:
Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar.
Me kan tilby:
Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Mentor til nyutdanna lærarar
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 08.10.2023
Tiltreding: 01.01.2024
Arbeidsstad: Vikedal skule
Kontaktpersonar:
Bente Tednes Gjil
tlf: +47 41493230
Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/
Adresse:
Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal
Vindafjord kommune
Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.