Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Lærar m/spes.ped, 100% mellombels ved Uskedalen skule

 

Omtale av stillinga

Ved Uskedalen skule er det ledig stilling som spesialpedagog i 100% stilling.
Stillinga er mellombels fram til 30.06.2021.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er retta mot enkeltelevar.
Pedagogisk utviklingsarbeid.
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar.
Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø.
Sikra at elevane får eit godt skuletilbod.

Kvalifikasjonar

Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen.

Personlege eigenskaper

Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Generell god helse.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søknadsfrist 12.03.21

 

Vår ref3951
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune
Stilling Adjunkt
Stillingstype Mellombels tilsett
Lokasjon Uskedalen skule

 

Kontakter

Odd Arnesen
Adjunkt m/tilleggsutdanning
[email protected]
Mobil  907 22 766

 

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kategorier

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Mars 12, 2021