Lærar med kompetanse i teiknspråk

 

Me søker:

Skjold skule ligg flott til lengst vest i Vindafjord kommune. Me er nå på jakt etter ein ny kollega/lærar med kompetanse i teinkspråk.

Det er eit ynskjer at den som blir tilsette har kompetanse til å undervisa på ungdomstrinnet. Stillinga er 100 % fast med oppstart 01.08.2023.

Hovudarbeidsoppgåver:

Faglærar på ungdomstrinnet.
Lærar for elev med teiknspråk.
Deltaking i eit heim-skulesamarbeid.
Deltaking i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid.
Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling på ungdomstrinnet.

Kvalifikasjonar:

Grunnskuleutdanning 5.-10.
Formell kompetanse i teknspråk.
God kompetanse i relasjonsbygging ift alle typer elevar er nødvendig
Ønskeleg med erfaring frå undervisning der teknspråk vert brukt i klasserommet

Personlege eigenskapar:

  • Me ynskjer ein dyktig pedagog som likar å arbeide med elevar på ungdomstrinnet.Tydeleg klasseleiar.
  • Eit inkluderande og positivt elevsyn. Engasjement for barn er ein føresetnad.
  • Evne til å tenkja nytt og opptatt av pedagogisk utvikling.
  • Strukturert og sjølvstendig.
  • God relasjonskompetanse.
  • Fleksibel og løysningorientert
  • Evne til å bygge gode relasjonar til eleven og føresette.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Personleg eigenhet vektlegges særleg.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø.
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
God opplæring og samarbeid med andre.
Rabatt på treningssenter.
Bedriftskunstlag.
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no).
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning).

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Rogaland

Jobbtype:Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Kveld

 

Søknadsfrist: 02.03.2023

 

Tiltreding: 01.08.2023

Arbeidsstad: Skjold skule

 

Kontaktpersonar:

Nina Iren Husevåg

tlf: +47 53 65 57 40   mob: +47 992 38 915

 

Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/skjold-skule/
Adresse: Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Vindafjord kommune

Skjold skule ligg sentralt i Skjold, og har noko over 300 elevar på 1.-10. trinn, med to parallell-klassar på ungdomstrinnet. Elevane våre kjem frå skulekrinsane Vik, Vats og Skjold på ungdomssteget. Skulen har om lag 50 engasjerte og dyktige tilsette, Frå hausten 2020 framstår det meste av skulen som ny og moderne. Det fysiske læringsmiljøet er godt tilrettelagt for alle aldersgrupper, og skulen har tilgang til idrettshall, kunstgrasbane, ballbinge og grasbane, og har eigen lavvo i nærmiljøet.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Hilde Pedersen Åsbø
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 911 57 860 Arbeid 53 65 57 60

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

Mars 2, 2023