Radøy ungdomsskule

 

 

Vil du arbeide på skulen vår?

Lærar med teiknspråkkompetanse – 100% vikariat

 

Stilling

Radøy ungdomsskule har ledig 100% stilling som lærar med teiknspråkkompetanse eller anna kompetanse relevant for arbeid med elevar med hørselshemming frå 01.08.2023 – 31.07.2024.

Avdeling

Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger, eit av kommunesentra i Alver kommune, like ved Radøyhallen og Grønålen fotballbane. Det er ca. 25. min køyring frå Knarvik. Skulen har 190 elevar og 30 tilsette.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Undervisning av hørselshemma barn i tillegg til anna undervisning.

Kompetanse

Søkjar må ha relevant pedagogisk utdanning og tilfredstille kompetansekrava til undervisning i ungdomsskulen samt teiknspråkkompetanse eller anna kompetanse for arbeid med elevar med hørselshemming.

Ønskt kompetanse
Vi søkjer lærar som:

  • Har teiknspråkkompetanse eller anna kompetanse for arbeid med elevar med hørselshemming
  • Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar
  • Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
  • Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
  • Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
  • Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar
  • Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
  • Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte

Alver kommune har nynorsk som målfom.

 

Vi tilbyr

Ein spennande arbeidsplass med dyktige medarbeidarar og flotte ungdommar.
Løn etter avtaleverket.

Politiattest

For å jobbe i skulen må ein kunne framvise politiattest av nyare dato.

Slik søker du

Trykk knappen «send søknad». Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.

 

Søk her

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Vikariat
  • Referansenummer: Radøy ungdomsskule
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 15.03.2023
  • Tiltreding: 01.08.2023
  • Arbeidsstad: Radøy ungdomsskule

 

Kontaktpersonar:

Marianne Herø
tlf: 56 34 91 01
mob: 986 15 415

 

Heimeside:
www.alver.kommune.no

Adresse:

Idrettsvegen 15 5936 Manger

Alver kommune er ein heilt ny kommune! Vi er ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.650 tilsette. Kommunen ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.

For å løyse og utvikle oppgåvene til kommunen vår treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar, som opplever at oppgåvene og bidraget deira er meiningsfylte og del av eit viktig samfunnsoppdrag.

 

Del stillingen

Selskap

Alver kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Bodil Rossnes
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: 952 22 063

Lokasjon

  • Isdalstø

Søknadsfrist

Mars 15, 2023