Lærar TIF VG2 – Køyretøy Lærar TIF (Søknadsfrist: 12.10)

 

Mo og Øyrane vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune

Lærar TIF VG2 – Køyretøy

 

Vil du vere med på laget med å utdanne framtidas fagarbeidarar i ein ny moderne skule i Førde? Då er DU den medarbeidaren vi er på jakt etter.

Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule skal slåast i saman til ein felles storskule i Førde sentrum. Byggeprosessen er alt i gang og det vert stegvis innflytting i nye moderne lokaler fram til hausten 2023, då skulen skal stå ferdig.

Mo og Øyrane vidaregåande skule ligg midt i Sunnfjord kommune. Skulen er geografisk todelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum og Øyrane som er plassert i Førde sentrum. Totalt har skulen om lag 160 tilsette og 480 elevar fordelt på 38 klassar. Skulen tilbyr utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektrofag, Service og samferdsle, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi- og industrifag og Naturbruk. I tillegg har skulen pedagogisk ansvar ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar. For meir informasjon gå til skulen si heimeside; https://www.moy.vgs.no/

Søknadsfrist: 12.10.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Lærar TIF VG2 – Køyretøy
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4435221552

Arbeidsoppgåver

– Undervisning i praksis og teori på VGS køyretøy

– Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga

– Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar

Det skal leggast til rette for at elevane skal bestå faget med best mogleg resultat etter sine føresetnader. Opplæringa skal tilpassast den enkelte elev ut i frå sitt meistringsnivå. Det må leggast opp til samarbeid med lærar og støttepersonar som samla har ansvar for oppfølging av elevane. Opplæring vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori. Bidra til at elevane får prøvd seg ut i praksis i bedrift.

Kvalifikasjonar

– Fagbrev og praksis innan lette eller tunge køyretøy

– Høgare utdanning innan TIF faga

– Gode tekniske og faglege ferdigheiter

– Røynsle frå undervisning innan køyretøy

– Røynsle frå tilrettelagt opplæring

– Kunne beherske IT og relevant programvare

– God munnleg og skriftleg framstillingsevne

– Pedagogisk utdanning (PPU/PPY) for fast tilsetjing

Personlege eigenskapar

– Gode samarbeidsevne

– Evne til å skape tillit og ha god relasjon med elevar

– Løysingsorientert, sjølvstendig og stukturert

– Gode datatekniske kunnskapar

– Lojal i forholdet mellom elev, kollegaer og arbeidsgjevar

Vi tilbyr

– Eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse

– Løn etter tariff

– Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Det er eit vilkår om godkjend politattest for å bli tilsett i vidaregåande skule. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offetleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

 

Naustdalsvegen 12, 6800 Førde, Norge

 

Kontaktinformasjon

Liv Horvei, rektor
480 08 357

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Lenke til firma

https://www.moy.vgs.no/

Kategorier

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Oktober 12, 2021