Lærar ved Vang barne- og ungdomsskule – 100 % vikariat

 

Vang barne – og ungdomsskule

Om stillinga

Vang er ei utviklingsorientert skulekommune, der elevens læring og utvikling står i sentrum. Vi har spesielt fokus på god undervisningspraksis og inkludering. Skulen har integrert SMART-oppvekst i sin skulekvardag. Vi søkjer etter deg som er fagleg sterk og engasjert lærar, og som brenn for elevane si læring og trivsel!

For skuleåret 2023/24 har vi ledig:

Faglærar 5.-10.klasse – 100 % vikariat tom 31.07.24 med mogleg forlenging. Fordel med spesialpedaogogisk vidareutdanning.
Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. – 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar. Skulen har eit introduksjonstilbod for nyankomne elevar frå Vang mottakssenter.

Vil du bli del av eit godt og profesjonelt læringsmiljø som har fokus på læring, utvikling og trivsel, kan dette vere skulen for deg.
Vi ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det er viktig at du møter elevane med omsorg, tryggleik og tydelege forventingar.
Det kan bli aktuelt med prøveundervisning som del av vurderingsgrunnlaget i rekrutteringsprosessen.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 22.10.2023
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Lærar ved Vang barne- og ungdomsskule – 100 % vikariat
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4715631177
Sluttdato: 31.07.2024

Arbeidsoppgåver

Planlegge og lede elevens læring, individuelt og i team
Delta og medverke i skulens profesjonsfellesskap
Delta og omsette skulens utviklingsarbeid i praksis
Medvirke til eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt skule-heim-samarbeid.

Kvalifikasjonar

Opplæringslovas krav om fagleg og pedagogisk kompetanse må vere oppfyld for å få stilling som lærar
Fordel med spesialpedagogisk vidareutdanning
God digital kompetanse
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

God evne til samarbeid og sjølvstendig arbeid
Fleksibel, positiv og løysingsorientert
Tek i bruk varierte arbeidsmetodar og motiverer elevane. Syte for samanheng i fagleg og sosial læring.
Gode kommunikasjonsevner
Er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaar
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

Eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
Tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande team
Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Norge

Kontaktinformasjon

Agata Gniewek Bøe, Inspektør VBU
Telefon:  932 53 290
E-post:  [email protected]

Ola Erik Heen Moe, Rektor VBU
Telefon:  911 61 741
E-post:  [email protected]

 

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kategorier

Kontaktinfo

  • Morten J Johansen
  • Tittel: Kommunalsjef Landbruk og teknisk
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 97622524

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

August 6, 2023