Visit Ulvik | Perla i Hardanger

Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med poesifestival, fiskefestival, blueshelg og mykje meir! Det nye dokumentasjonssenteret for Ulvik-forfattaren Olav H. Hauge, ligg midt i bygda. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod. Du får tilbod om barnehage- og SFO-plass om du ynskjer det. Hent meir informasjon på vår heimeside. www.ulvik.kommune

 

Brakanes skule er ein 1 – 10 skule, med 115 elevar. Til hausten får me ein ny flott gjeng med 18 førsteklassingar. Det gledar me oss til!

Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid. Skulen er ein trivselsleiar-skule, og me har 30 min fysisk aktivitet for alle elevar – kvar dag! Det digitale har me arbeidd mykje med dei siste åra. Framover skal me ha auka fokus på lesing, både på digitale flater og i bøker. Me skal innføra eit dynamisk kartleggingsprogram som heiter Leselos. På uteleikeplassen vår har me fått ny ballbinge, og me fått spelemidlar til å finansiera ei aktivitetsløype.

Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO.

 

LEDIGE LÆRARSTILLINGAR VED BRAKANES SKULE

100 % fast stilling som lærar

70 % fast stilling som lærar

Inntil 50 % vikariat som lærar

Brakanes skule har ledig ei 100 % fast lærarstilling og ei 70 % fast lærarstilling frå 01.08. 2021. Me har også ledig inntil 50 % vikariat frå 01.08.2021 og ut skuleåret, under føresetnad av at søkjar får plass innanfor kompetanse for kvalitet.

Til den eine stillinga ynskjer me lærar som har kompetanse innan matematikk for 5.-10. kl. Me er elles veldig interessert i deg som har kompetanse innanfor programmering. Av andre fagområde me har bruk for kan nemnast musikk.

Til den andre stillinga søkjer me ein som kan vera aktuell som kontaktlærar i 1.-4. kl. eller på 5.-7. kl. Me legg vekt på at du har erfaring med den første lese- og skriveopplæringa, gjerne STL+ på iPad.

Elles søkjer me etter lærarar som er engasjerte, nytenkande og samarbeidande.

 

40 % STILLING SOM UNGDOMSARBEIDAR

Ulvik herad har ledig 40 % fast stilling som ungdomsarbeidar. Stillinga er administrativt lagt under Brakanes skule. Ungdomsarbeidaren driftar ungdomsklubben og har sekretærfunksjon for ungdomsrådet. Ein viktig del av jobben er å involvera ungdomane i politiske prosessar og planar. Ungdomsarbeidaren er oginvolvert i rusfritt arrangement 16.mai og andre ungdomsaktivitetar. Stillinga kan koplast opp mot andre relevante prosjekt i bygda. Noko kveldsarbeid må påreknast.

Me søkjer ein person med relevant utdanning og praksis frå liknande arbeid, eller ein person med særleg interesse for og personlege eigenskapar for slikt arbeid.

Me ønskjer ein person som klarer å skapa relasjonar mellom born/

ungdom og vaksne, men som også tar ansvar for å gjennomføra aktivitetar.

Lønn etter kompetanse og tariff.

 

Søknadsfrist for alle stillingane er 15.03.2021.

 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Gyldig politiattest må leggjast fram før arbeidsstart.


Søknaden kan fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no, eller du kan senda den til postmottak@ulvik.kommune.no. Du kan og senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til Rigmor Hanssen, tlf.: 4000 7153, e-post: [email protected].

 

Bruk referanse nr 21/165 når du søkjer på dei faste lærarstillingane.

Bruk referanse nr 21/166 når du søkjer på vikariatet.

Bruk referanse 21/173 når du søkjer på ungdomsarbeidarstillinga.

LÆRARVIKARAR

I tillegg har me, fdags dato, bruk for kvalifiserte lærarvikarar som kan gå inn i ulike vikariat ved sjukemeldingar og kortvarige permisjonar. Ta direkte kontakt med Rigmor Hanssen, tlf.: 40007153 for spørsmål.

Rigmor Hanssen
-kommunalsjef/rektor-

 

Del stillingen

Selskap

Ulvik herad

Kategorier

Kontaktinfo

  • Rigmor Hanssen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 400 07 153

Lokasjon

  • Ulvik

Søknadsfrist

Mars 15, 2021