Uranostind mindre versjon - kjøpt av OA 24

 

Kontormedarbeidar ved Vang barne – og ungdomsskule – 80 % fast stilling

 

Vang Kommune

Vang kommune har ledig 80 % fast stilling som kontormedabeidar ved Vang barne – og ungdomsskule. Me ser etter deg som har erfaring frå likande arbeid, og som blant anna er positiv, effektiv og serviceorientert!

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. – 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 23.06.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Kontormedarbeidar ved Vang barne – og ungdomsskule – 80 % fast stilling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4824341487

Arbeidsoppgåver

Betene kontoret ved skulen og gje naudsynt rettleiing og bistand for publikum, elevar og tilsette
Utføre merkantile tenester, herunder betene sentralbordet, skrive timelistar og vikarrekningar, hente og bringe post, ansvar for ordning med skulemjølk, bestilling av forbruksmateriell, arkivarbeid og journalføring. Føring av aktuelle register, oversikter m.m.
Ansvar for oppfølging og booking av samfunnshusa i Vang kommune, her i godt samarbeid med styrene i samfunnshusa.
Ansvar for oppfølging og booking av svømmehallen i Vangshallen
Følgje opp mjølkebestilling og skolefruktordninga
Halde heimeside oppdatert i samarbeid med skuleleiinga
Bidra med å skrive referat, rutinar og liknande oppgåver
Andre praktiske og administrative oppgåver etter behov
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

God og relevant erfaring er ynskjeleg
Gode digitale ferdigheiter, gjerne kjennskap til skuleadministrative system, WebSak Fokus og Visma.
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
God skriftleg framstillingsevne
Førarkort og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

Positiv, effektiv og serviceorientert
Prosess- og løysingsorientert
Fleksibel og kan arbeide sjølvstendig
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
Strukturert og endringsvillig
Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Gyldig poltiiattest skal leverast før oppstart.

Vi tilbyr

Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
Ein variert jobb med spennande utfordringar.
Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Hjelp til å skaffe bustad ved behov
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres, Norge

Kontaktinformasjon

Ola Erik Heen Moe
Rektor VBU
 Telefon:91161741
E-post:[email protected]

 

Vang kommune som arbeidsgjevar:

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

 

Å bu i Vang kommune:

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima», og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kategorier

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

November 7, 2024