Vindafjord kommune

Grunna fødselspermisjon treng me vikar!

Lærarvikariat

 

Me søkjer:

Lærar 100% vikariat frå januar 2024 til januar 2025 med mogleg forlenging. Undervisning er hovedsakeleg på småtrinnet på Vikedal skule. Me søkjer deg som er utdanna lærar, men også ufaglærte kan bli vurderte til vikariatet dersom du har relevant arbeidserfaring.

Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. I 1.-4.klasse er det 37 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde der me jobbar med å danne gode relasjonar til elevane gjennom leik, uteskule og varierte undervisningsformer. Ein av våre dyktige lærarar skal ut i fødselspermisjon, og me treng ein god vikar for henne. Me vil ha deg som har eit ekstra gir og som er klar for kjekke og spanande oppgåver på Vikedal skule!

Hovudarbeidsoppgåver:

Me treng lærar på småtrinnet i ulike fag som t.d. matematikk, norsk, engelsk, K&H, naturfag. Andre fag kan også vera aktuelle.

Kvalifikasjonar:

Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Ufaglærte kan også søkje på dette vikariatet. Du må kunne jobba etter LK20, ha fokus på variasjon og praktisk undervisning. Du må vera god på å samarbeida med andre og vera løysingsorientert. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar:

Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i barn.

Me kan tilby:

Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Mentor til nyutdanna lærarar
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillingen her.

 

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 08.10.2023

 

Tiltreding: 01.01.2024

Arbeidsstad: Vikedal skule

 

Kontaktpersonar:

Bente Tednes Gjil

tlf: +47 41493230

 

Heimeside:
/www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/
Adresse: Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

Vindafjord kommune

Me er ein kombinert barne- og ungdomsskule som har omlag 150 elevar. Me legg vekt på å skapa eit godt læringsmiljø for både elevar og vaksne. Mykje humør og humor gjer at me arbeidar og tenkjer bra saman, til beste for elevane si læring.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Klikk på stillingen for mer informasjon
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

September 18, 2023