Landmålar/matrikkelførar
Utlyst 14.04.21
Søknadsfrist 02.05.21
Selskap Lærdal kommune
Stillingstype fast dagtid
Lokasjon Teknisk/plan/reinhald
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.