Ledig mellombels stilling som prosjektmedarbeidar velferdsteknologi, 20%
Om stillinga
Ulvik herad søker etter ein prosjektmedarbeidar innan velferdsteknologi i 20% stilling ut 2023.
Stillinga er finansiert gjennom tilskotsmidlar.
Søknadsfrist: 05. februar 2023
Les kva helsedirektoratet skriv om velferdsteknologi her: https://www.helsedirektoratet.no/tema/velferdsteknologi
Oppgåver
- Bidra til at velferdsteknologi takast i bruk og finne nye bruksområde for velferdsteknolgi i helse- og omsorgstenestene i Ulvik Herad.
- Teknisk bistand til brukarar, opplæring.
- Følgje opp kontakt med leverandør service/support
- Etablere og følgje opp gode rutinar for feilsøking og retting av feil
Ynskja kvalifikasjonar
- Du må være interessert i velferdsteknologi
- Du må like å finne ut av nye ting og få ting til å fungere
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Erfaring frå arbeid med menneske
- Utanning innan helse er ein fordel men ikkje eit krav
- Relevant utdanning/erfaring frå IT er ein fordel men ikkje eit krav
- Du må kunne uttrykke deg sjølv godt skriftleg og muntleg
- Språkkunnskapar: norsk og engelsk
Søkjarar må kunne legge fram politiattest etter helse og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby
- Arbeidsplass med tilgang på kontor i nye moderne lokalar på Ulvik omsorgstun
- Løn etter kompetanse og gjeldane tariff
- Høve til å forme og påverke eigen arbeidskvardag
- Spennande og framtidsretta oppgåver
- Ein jobb i verdast vakraste bygd
Merk med saksnr. 23/52
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Torstein Kvåle Hellesnes
Ass. Kommunalsjef helse og omsorg.
4000 7136 | torstein.hellesnes@ulvik.kommune.no